Ny internasjonal master i sosialt arbeid


Frå hausten 2013 kan UiS tilby eit nytt Erasmus Mundus-program i sosialt arbeid. Dette er EU sitt prestisjeprogram for fellesgrader på master- og doktorgradsnivå.

UiS er ein av fire partnarar i det nye internasjonale masterprogrammet, som har tittelen «European Master in Social work with Families and Children (MFAMILY)». University Institute of Lisbon (ISCTE) er koordinator. Dei andre to partnarane i konsortiet er universitetet i Gøteborg og Makerere Universitet i Kampala.

Dei fire partnarskapslanda; Portugal, Noreg, Sverige og Uganda har også fått med seg ei rekkje andre samarbeidsinstitusjonar i Italia, India, Brasil, Australia, Bulgaria og New Zealand. Studentane kan dermed få praksisplass, gjere feltarbeid eller knyte kontaktar for seinare karriere i eit vidt spekter av land og institusjonar.

I tillegg til UiS, er Bymisjonssenteret i Stavanger, Familievernkontoret i Stavanger, Hero Norge, Redd Barna, Krisesenteret i Stavanger, FN-sambandet og Stavanger kommune blant dei norske samarbeidsinstitusjonane som er med.

Tøffe tider for sårbare barn
Barns rettar er eit av EU sine prioriterte tema for perioden 2012-2015. Satsinga skal mellom anna fremje ein meir barnevennleg politikk, betre tilbod til barn, betre system for barn, og meir deltaking frå barn. Satsinga skal også bidra til å garantere barna sine rettar i sårbare situasjonar.

EU er særleg oppteken av at sårbare barn og familiar er særleg utsette i økonomiske nedgangstider, som i Europa i desse dagar. Det nye Erasmus Mundus-programmet er difor ein viktig del av denne satsinga.

Erasmus Mundus-programmet i sosialt arbeid skal gi studentane ny kunnskap om korleis ein kan arbeide med sårbare barn og familiar i ulike land verda over. Studiet vil også by på innovative og multidisiplinære tilnærmingar til sosialt arbeid.

Første semester er lagt til Universitetet i Lisboa, deretter blir det eit studieopphald i Stavanger og så eit i Göteborg. Siste semester, med skriving av masteroppgåve, kan studentane velje å ta ved eitt av dei fire partnarskapsuniversiteta.

Studiet vil gå føre seg på engelsk og ved fullført utdanning får kandidatene ein joint mastergrad på 120 studiepoeng/ects i sosialt arbeid.

Søknadsfrist 15. Januar 2013.

Søknaden sendast via nettet til University Institute of Lisbon (ISCTE UIL).

Onlinesøknadskjema og informasjon om korleis ein søkjer finn du på www.mfamily.eu.

Her finn du òg opptakskriterier, fagstruktur og innhald og informasjon om stipend.

Hard konkurranse blant søkarane
Blant dei 177 som søkte om Erasmus Mundus-godkjenning frå EU for sine masterprogram, var det 30 søknader som fekk tildelt Erasmus Mundus-status. Og blant dei var UiS.

Ifølgje leiar ved Institutt for sosialfag, Svanaug Fjær, er det stort for UiS å vere partnar i eit slikt prestisjeprogram i regi av EU.

– Den nye masteren vil trekke til seg dei beste studentane frå heile verda innanfor feltet sosialt arbeid. Når studentane fullfører vil dei vere attraktive på arbeidsmarknaden både i inn- og utland, seier Fjær og held fram:

– Vi får no ein fantastisk moglegheit til å styrke og forbetre studietilbodet vårt gjennom ei slik internasjonalisering og vi får tilgang på spesielt motiverte studentar med veldig variert bakgrunn.

– Eg er sikker på at også studentene på de øvrige studietilbuda våre vil merke den positive effekten av dette samarbeidet. Vi gler oss veldig til å kome i gang med arbeidet, seier Fjær.

UiS tilbyr også fellesgrader innan mangfald og migrasjon og teknologi for oljefeltutvikling.

Artikkelen ble første gang publisert 15. august 2012.

Les meir om Erasmus Mundus mastergrader
Les også: Rustet for globale oppgaver


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (26.03.2018)

Skriv ut artikkel print symbol
EU-flagg
GODKJENT AV EU: Neste år kan UiS tilby eit Erasmus Mundus-program i sosialt arbeid. Dette er EU sitt prestisjeprogram for fellesgrader på master- og doktorgradsnivå.
Svanaug Fjær
ATTRAKTIV MASTER: – Den nye masteren vil trekke til seg dei beste studentane frå heile verda innanfor feltet sosialt arbeid. Når studentane fullfører vil dei vere attraktive på arbeidsmarknaden både i inn- og utland, seier leiar ved Institutt for sosialfag, Svanaug Fjær, som gler seg til å kome i gang med det spennande samarbeidet.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567