Klima og miljø på Solakonferansen


Luftfarten si rolle i den globale miljøkampen er tema under den årlege Solakonferansen. Frå 11.til 12. september møtast nasjonale og internasjonale ekspertar for å drøfte framtidsutfordringane.

Er luftfarten ein viktig del av løysinga for den globale bærekraftige utviklinga, eller tvert om ei belastning for framtidige generasjonar si leiting etter miljøvennlege transportformer?

Styreleiar i Stiftelsen Solakonferansen, lufthamn-sjef Leif Anker Lorentzen, seier målet for konferansen er å engasjere deltakarane til debatt om korleis luftfarten kan bidra til å betre miljøet på kloden. Tittelen på årets konferanse er ”Luftfart eller klima?”.*

Ifølgje leiar for programkomiteen, flykaptein Odin Leirvåg, er programmet for konferansen delt i tre. Foredraga går frå meir akademiske drøftingar om bærekraftig mobilitet til brukarane sine perspektiv og operatørar sine konkrete tiltak for reduksjon av energiforbruk. I tillegg skal regulatoriske utfordringar drøftast.

Fyldig program
Blant deltakarane er den norske representanten for toppleiinga i SAS Group i Stockholm, sals- og marknadsdirektør Eivind Roald. Han skal halde foredraget «Økonomisk krisetid i luftfarten: Har flyselskapa råd til miljøinvesteringar?”

Direktør Torbjørn Lothe i NHO Luftfart skal snakke om myter og fakta innan miljøspørsmål, medan seniorforskar Lars Christian Risan frå Norsk institutt for by – og regionforsking skal drøfte om ein bærekraftig luftfart er mogleg.

Under konferansen vil også direktøren i Luftfartstilsynet, Stein Erik Nodeland, orientere om nye utfordringar slik han ser det. Konsernsjef Dag Falk-Petersen i Avinor vil seie litt om utviklinga innan sitt fagområde.

Guri Tajet, leder for klima- og miljøavdelinga i Framtiden i våre hender vil diskutere om det finst grenser for vekst i luftfarten. Og Henrik Harboe, spesialrådgjevar i Miljøverndepartementet vil snakke om forhandlingar mellom partar i slike spørsmål.

Blant dei internasjonale bidragsytarane er Haldane Dodd, frå Air Transport Action Group (ATAG), som skal snakke om reglar i luftfarten, Béatrice Adoléhoumé frå European Civil Aviation Conference (ECAC) som vil drøfte harmonisering av internasjonale regelverk og Angelica Hull frå Swedish Biofuels AB som har forska på biodrivstoff og syntetiske drivstoff som moglege løysingar.

I tillegg vil Pål Brekke, seniorrådgivar ved Norsk Romsenter, snakke om korleis solstormar kan komme til å påverke luftfarten i framtida. Ordførar i Sola kommune, Ole Ueland, vil opne konferansen.

UiS viktig samarbeidspartnar
Solakonferansen 2012 arrangerast av Stiftelsen Solakonferansen i samarbeid med Universitetet i Stavanger.

UiS-professor Oluf Langhelle  og førsteamanuensis Berit Berg Tjørhom har vore med i programkomiteen. I tillegg medverkar stipendiat Sindre Høyland og SEROS-koordinator og førsteamanuensis, Kenneth Pettersen, som sit i styret for stiftelsen.

Den skandinaviske luftfartskonferansen blei arrangert for første gong i 1987, og har opp gjennom åra blitt ein av dei viktigaste møteplassane for dei som er opptekne av sikkerheit, kvalitet og miljø innan alle delar av luftfarten.

Målgruppene for konferansen er fagleg og politisk leiing i departementa, luftfartens myndigheiter, leiinga i flyselskap og Avinor, Luftfartstilsynet, internasjonale flyfabrikantar, organisasjonar, fagforeiningar, forskings- og undervisings-institusjonar, politikarar, oljeselskap og transportindustri.

Konferansen arrangerast på Rica Airport Hotel Stavanger, like ved Sola lufthamn, og det er framleis nokre ledige plassar.

Meld deg på til Solakonferansen 2012
Sjå heile programmet
Les meir om Stiftelsen Solakonferansen


Sist oppdatert av Silje Stangeland (07.09.2012)

Skriv ut artikkel print symbol
Fly
KLIMA ELLER LUFTFART? Luftfarten si rolle i den globale miljøkampen er tema under den årlege Solakonferansen som arrangerast frå 11.til 12. september.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567