Seminar om kjønn og rus


11. juni inviterer rusforskarar og kjønnsforskarar ved UiS til seminar om alkohol- og narkotikaproblem i eit kjønnsperspektiv. Dr. Sharon Wilsnack frå University of North Dakota vil presentere eit internasjonalt forskingsprosjekt om kjønn, alkohol og kultur.

Det er forskarar knytt til programområdet for samfunnsvitskapeleg rusforsking og programområdet for tverrfagleg kjønnsforsking som har gleda av å invitere til eit spennande seminar om alkohol- og narkotikaproblem i eit kjønnsperspektiv.

På seminaret vil Dr. Sharon Wilsnack frå University of North Dakota fortelje om prosjektet GENACIS – Gender, Alcohol, and Culture – An International study, som ho har jobba med sidan 1998. Studien omfattar 38 land på fem kontinent. Wilsnack vil presentere både forskingsprosjektet og resultat frå studiane.

I tillegg vil rusforskingsmiljøet ved UiS presentere sitt samfunnsvitskaplege rusforskingsprogram og sine studiar og stipendiatprosjekt.

Sjå heile programmet

Seminaret rettar seg særleg mot praktikarar og forskarar innanfor rusfeltet og er frå klokka 10 til 15 i Kjell Arholms hus, rom 021.

Påmelding til anne.vestvik@uis.no innen 31.mai. 

Velkommen!
 


Sist oppdatert av Silje Stangeland (25.05.2012)

Skriv ut artikkel print symbol
Piller
KJØNN OG RUS: 11. juni inviterer rusforskarar og kjønnsforskarar ved UiS til seminar om alkohol- og narkotikaproblem i eit kjønnsperspektiv.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567