Fekk pris av IT-selskap


Under Karrieredagen på Norsk hotellhøgskole i går fekk student Martin Yndestad pris av firmaet deadline2online. Yndestad var beste student på eit sertifiseringskurs for bruk av dataverktøyet Performance Management Intelligence (PMI).

PMI er eit IT-verktøy for drift og inntjening som blir brukt av alle dei store internasjonale hotellkjedene. 25 studentar ved Norsk hotellhøgskole har no fått diplom for gjennomført og bestått opplæring i emnet Revenue Management og bruk PMI-verktøyet.

Studentane får dermed eit viktig fortrinn når dei seinare skal søke seg jobb i hotellbransjen. På kurset fekk dei styre sitt eige virtuelle hotell med fokus på inntekts- og kostnadsstyring. Dataene som blei brukt var henta frå fem virkelige hoteller.

Det var utdanningsansvarleg i deadline2online (d2o), Kjell Gangdal, som delte ut prisen til vinnaren – ein reise til Brüssel med opphald på eit fem stjernars Thon-hotell. Studenten skal få besøke byen nokre dagar og mellom anna få å arbeide saman med toppleiinga på hotellet og sjå korleis dei bruker PMI-systemet. I tillegg blir det besøk på nokre av byens beste spisestader.

Morgondagens IT-verktøy
– Dette er ein fin sjanse for vinnaren til å skaffe seg referansar og knyte kontaktar. For alle studentane som har fått diplom for fullført kurs, vil det vere eit fortrinn på CV-en, fortel førstelektor ved Norsk hotellhøgskole, Helge Jørgensen, som underviser studentane.

Ifølgje Jørgensen er UiS einaste universitet i landet om å få sertifisere studentar i bruken av dette verktøyet.

– Gjennom samarbeidet vi har med leverandørane av PMI-verktøyet får vi lært opp studentane våre i det som er morgondagens IT-verktøy på hotell i heile verda. I dag blir dette systemet brukt av nærmare 70 prosent av alle norske hotell, fortel Jørgensen, som har teke initiativ til samarbeidet om sertifiseringskurset.

Vellukka karrieredag
Prisutdelinga var eit av mange høgdepunkt under ein vellukka karrieredag for studentar på Norsk hotellhøgskole i går. Fleire reiselivsbedrifter, og blant dei Scandic og Egon Stavanger, fekk presentert seg for studentane.

ble arrangert av Jobbsenteret ved NHS.

 


Sist oppdatert av Silje Stangeland (16.03.2012)

Skriv ut artikkel print symbol
STOLT PRISVINNAR: Student Martin Yndestad blei den heldige vinnaren av ei reise til Brussel. Her får han diplom og pris overrakt av Kjell Gangdal i firmaet d2o under Karrieredagen på Norsk hotellhøgskole i går.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567