UiS-bidrag i proff kortfilmproduksjon


Studentar frå Den norske filmskolen på Lillehammer er på Jæren for å lage kortfilm. Med seg på laget har dei profilerte skodespelarar – og studentar frå UiS.

Filmteamet skal filme på Jæren i ti dagar og er allereie i gang med dag åtte. Resultatet blir avgangsfilmen til produsent Erik Ramsrud, regissør Liv Karin Dahlstrøm, fotograf Stian Thilert, produksjons-designar Julie Lozach Asskildt, lyddesignar Jorunn Børve Eriksen og klippar Ingrid Mæhre frå Den norske filmskolen i Lillehammer.

Skodespelarane som er med i filmen er velkjende. På lista står namn som Jan Sælid, Marit Adeleide Andreassen, Espen Hana og André Brunvoll.

Frå UiS deltar fem studentar frå fjernsyns- og multimedie-produksjonsutdanninga i ulike assistentfunksjonar. To av dei er lysassistentar, ein er rekvisitør, ein er studioprodusent og ein er såkalla ”technical operations manager”.

Verdifull erfaring
Lysassistent og UiS-student Kai Morten Bjorheim synest det er stas å få vere med på ein så proff filmproduksjon, som samstundes blir laga av studentar.

– Det er kjekt å få jobbe med folk som er så profesjonelle. Ein får mange nyttige erfaringar og mange gode kontaktar. Det har vore ei veldig lærerik erfaring, seier Bjorheim.

– Å vere med på slike produksjonar gjer at vi får utvide horisonten litt. Samstundes er det veldig motiverande og inspirerande å sjå korleis alle i filmteamet gjer sitt aller beste for eit godt resultat, seier Bjorheim, som fortel om ei hektisk uke med opptak både på UiS og på Jæren.

Sjalusi og lokal-TV
I eksamensfilmen til studentane frå Filmskolen møter vi ekteparet Turid og Rolf. Turid jobbar i lokal-TV og Rolf er taxisjåfør.

– Dette er ein film om sjalusi. Turid får nemleg ein ny kollega på jobb, Edvard, som Rolf etter kvart fryktar skal øydeleggje ekteskapet deira. Rolf følgjer TV-sendingane tett for å sjå korleis forholdet er mellom kona og Edvard. Han diktar etter kvart opp historier om ein kvinneleg passasjer for å få kona til å føle på den sjalusien han sjølv føler, fortel produsent Erik Ramsrud.

– Filmen er ein dramakomedie som går inn i kor vondt og opprivande sjalusi kan vere for dei som opplever det, fortel han.

Skodespelar Jan Sælid spelar taksisjåføren Rolf, medan Marit Adeleide Andreassen spelar kona Turid. André Brunvoll spelar Turids nye kollega Edvard, medan Espen Hana speler er ein taxipassasjer.

Opptak på UiS
Opptaka i det som skal vere lokal-TV-studio i filmen er gjort på UiS, i eit studio til fjernsyns- og multimedie-produksjonsutdanninga. Her har studentane frå UiS vore med å gjere ei fleirkamerasending i god lokal-TV-stil.

Filmen, som enno ikkje har fått endelig tittel, skal visast på NRK til sommaren og på fleire filmfestivalar. Den skal også med på ein samle-DVD som kjem til hausten.

Inspirerande samarbeid
Førelesar Torfinn Ingeborgrud ved UiS synest også det er stas med besøk frå Den norske filmskolen på Lillehammer.

– Det er kjekt at filmteamet ville besøke UiS og nytte lokala våre. For studentane her er det jo inspirerande å få følgje eit profesjonelt filmteam så tett, seier Ingeborgrud.

Han fortel at fleire av hans tidlegare studentar har studert vidare ved Den norske filmskolen på Lillehammer etter studia på UiS.


Sist oppdatert av Silje Stangeland (06.02.2012)

Skriv ut artikkel print symbol
Produksjonsdesignar Julie Lozach Asskildt, fotograf Stian Thilert og regissør Liv Karin Dahlstrøm (Foto: Borghild Ree Strand)
FILMAR PÅ JÆREN: Produksjons-designar Julie Lozach Asskildt, fotograf Stian Thilert og regissør Liv Karin Dahlstrøm i djup konsentrasjon under innspilling. (Foto: Borghild Ree Strand)
Skodespelar Jan Sælid. (Foto: Borghild Ree Strand)
SJALU EKTEMANN: Skodespelar Jan Sælid spelar taksisjåføren Rolf som slit med sjalusi når kona ein dag får ein ny kollega på jobb. (Foto: Borghild Ree Strand)
Filminnspilling på Jæren (Foto: Borghild Ree Strand)
EIN DEL AV FILMTEAMET: Frå UiS deltar fem studentar frå fjernsyns- og multimedie-produksjonsutdanninga i ulike assistentfunksjonar. (Foto: Borghild Ree Strand)
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567