Vegen ut av prostitusjon


Kvinner i Rogaland som vil ut av prostitusjon kan no få hjelp gjennom behandlingstilbodet Svanegrupper. Fredag 6. januar arrangerar HUSK-Stavanger, Helse Stavanger ved avdelingen Unge Vaksne og bypresten i Sandnes eit seminar på UiS om det nye tilbodet.

Svanegrupper er for kvinner som har forlete prostitusjon og ynskjer eit liv utan. Prosjektet rettar seg også mot andre former for kjøp og bytte av seksuelle tenester. Tilbodet er for kvinner som snakkar norsk, kvinner som har forlete rus og for kvinner som kan nyttiggjere seg gruppeterapi.

Gruppene har samlingar kvar veke i 19 veker. Nokre tema som blir tatt opp i samlingane er sjølvmedvit og sjølvtillit, relasjonar og korleis ein uttrykkjer seg seksuelt. Namnet Svanegrupper er valt fordi behandlinga nettopp handlar om å reise seg opp og frigjere seg for så å fly vakkert vidare på eigne vingar, som ei svane.

Erfaringar frå Danmark og Island
Behandlingstilbodet blei starta etter modell av liknande tilbod og grupper i Danmark. Svanegruppa i Stavanger er ein del av dei nordiske svaner - i Danmark, Island og Noreg.

På seminaret den 6. januar vil deltakarar frå Danmark dele sine erfaringar med Svanegrupper gjennom seks år. Også deltakarar frå Island kjem til UiS for å diskutere om det er ein samanheng mellom overgrep og prostitusjon.

Varaordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal-Moe, vil opne seminaret, der fleire fagfolk frå Institutt for sosialfag ved UiS, vil delta og bidra.

Tett samarbeid på tvers
Prosjektet med svanegrupper er leia av Anne Kristin Bruns og Ingrid Elin Dahlberg ved UiS. Ressursgruppa består av mange samarbeidande instansar, mellom anna Senter mot seksuelle overgrep og Albertine-senteret. Varaordførar Bjørg Tysdal-Moe i Stavanger er også aktivt med i det interkommunale prosjektet.

Arbeidet med tilbodet blei formalisert våren 2011.

– Då vart det oppretta eit formelt samarbeid med Avdeling for unge vaksne ved Stavanger Universitetssjukehus som gjorde at vi fekk etablert kontakt med OBS- teamet i Stavanger kommune og Helse Stavanger, ved psykolog, fortel Bruns.

– I tillegg er byprestane i Sandnes involvert i prosjektet og den kvinnelige presten vil vere med i drift av gruppa som del av sitt arbeid. Dette gjorde at prosjektet fekk ei forankring i feltet på same tid som det har forskingsfokus via HUSK og UiS, fortel Bruns.

Forskinga vil søke å finne svar på kva som kan hjelpe prostituerte til ny identitet.

Inviterer til seminar
Det er høgskole- og universitetssosialkontoret, HUSK, ved UiS, som arrangerer seminaret den 6. januar saman med Helse Stavanger ved Avdeling Unge Vaksne og bypresten i Sandnes.

Seminaret varer frå klokka 10 til 15 og finn stad i Kjell Arholms Hus på UiS, rom A-053.

Seminaret er gratis og opent for alle. Påmelding innan 31. desember til Anne Vestvik i HUSK.

Sjå heile programmet
Les meir om Svanegrupper


Sist oppdatert av Silje Stangeland (21.12.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Svaner
NYTT BEHANDLINGSTILBOD: Svanegrupper er for kvinner som har forlete prostitusjon og ynskjer eit liv utan. Namnet Svanegrupper er valt fordi behandlinga nettopp handlar om å reise seg opp og frigjere seg for så å fly vakkert vidare på eigne vingar, som ei svane. Fredag 6. januar blir det seminar på UiS om prosjektet.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567