Konferanse om finanskriser


"The Fourth Annual Conference on Extreme Events, Expectations, and Decisions" går av stabelen ved UiS den 25. og 26. august. Tema er usikkerheit i finansmarknader.

Den årlege konferansen er den fjerde i ein serie konferansar som tek opp tema knytt til moderne finansielle system og korleis ekstreme hendingar påverkar desse systema.Forskarane som kjem skal sjå nærmare på tema som er særleg aktuelle i desse dagar. Stikkord er ekstreme hendingar, kriser og beslutningstaking.

Når kriser kjem på same tid
Forskarane skal både sjå på korleis ekstreme hendingar kan forklarast og korleis ein kan sjå fram i tid og varsle at dei kjem. Døme på slike kriser og ekstreme hendingar kan vere finanskrise og konsekvensar av klimaendringar.

Når ekstreme hendingar treff samtidig trengst det nye tilnærmingar, som statistiske teknikkar for ekstreme verdiestimat og rask identifisering av strukturelle endringar. Ein må mellom anna analysere investeringsåtferd i marknader og forbetre varselsignal for systemrisiko. Ein må også utvikle modeller for avgjersler og forventningar.

Fordi ulike økonomiske marknader verkar inn på kvarandre, er det vanskeleg å få fullstendig oversikt over den usikkerheita ein står overfor. Dette er ei stor utfordring i finansmarknader sidan det ikkje alltid er mogleg å finne den optimale avgjersla i usikre tider. Denne usikkerheita kan dermed også påverke den reelle økonomien.

Anerkjente forskarar
Under konferansen skal forskarane diskutere ekstreme hendingar, usikkerheit og forventningar. Målet med konferansen er å finne fram til fleire svar på marknadsåtferd i usikre økonomiske tider, som no, og korleis marknadene kan takle slike utfordringar.

Konferansen har store namn på deltakarlista. Hovudtalarar er Charles Manski frå Northwestern University og David Schmeidler frå Ohio State University, Tel-Aviv University. Også Richard Davis frå Columbia University og Amos Golan frå Info-Metrics Institute, American University, er blant deltakarane.

Konferansen blir arrangert av Lorán Chollete ved Handelshøgskolen ved UiS og er finansiert av Finansmarkedsfondet, Norges Forskningsråd. Konferansen vil finne stad ved Handelshøgskolen ved UiS.

Les meir om konferansen
 


Sist oppdatert av Silje Stangeland (20.06.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Aksjemarknad
VERDIEN AV PENGAR: Ekstreme hendingar og korleis dei på-verkar økonomiske system skal diskuterast av internasjonalt kjende forskarnamn når konferansen "Fourth Annual Conference on Extreme Events, Expectations, and Decisions" går av stabelen ved UiS den 25 og 26. august. (Foto: iStock)
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567