Foreslå kandidatar til Karl Evang-prisen 2011


Karl Evang-prisen vart oppretta som ein honnør til den tidlegare helsedirektøren for hans sosialmedisinske pionerinnsats. Målet med prisen er å stimulere interessa og arbeidet for barnevern, folkehelse og sosiale forhold. Prisen er på 50 000 kroner.

Karl Evang-prisen for 2011 skal gå til ein person eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for å fremje:

• folkehelsa og sosiale forhold som er viktig for denne
• rettstryggleik og tryggleik i barnevernet, helse- og/eller sosialtenesta
• opplysingsarbeid og medverknad i samfunnsdebatten om viktige helse- og sosialog/eller barnevernpolitiske spørsmål.

Det er ingen føresetnad at vedkommande person eller organisasjon er knytt til barnevernet eller helse- og sosialtenesta. Det vert lagt vekt på at innsatsen er aktuell, men innsats over tid vil óg bli vurdert.

Prisen blir delt ut i samband med Helsetilsynet sitt årlege Karl Evang-seminar torsdag 20.oktober 2011. Seminar og prisutdeling finn stad på Høgskolen i Oslo. Seminaret er ope for alle og vert annonsert på Statens helsetilsyn si heimeside.

Komiteen som vel prisvinnar består av: professor Aslak Syse, Institutt for offentlig rett, Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo
(leiar), journalist Marie Rein Bore, Stavanger Aftenblad, professor Steinar Westin, Institutt for samfunnsmedisin, Det medisinske fakultet, NTNU, høgskolelektor Elisabeth Brodtkorb, Diakonhjemmet Høgskole, Oslo og seniorrådgjevar Sidsel Platou Aarseth (sekretær), Statens helsetilsyn.

Skriftleg søknad/framlegg kan sendast med ei grunngjeving av kandidaten sjølv eller andre personar og organisasjoner til:
evangprisen@helsetilsynet.no

eller til:
Statens helsetilsyn
Avd. II
Postboks 8128 Dep
0032 Oslo

Frist for å sende inn framlegg om kandidatar er 19. august 2011.


Sist oppdatert av Silje Stangeland (17.06.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567