Billegsal som kostar dyrt


Nordmenn kjøper og kastar klede som aldri før. I fjor kjøpte vi klede for 30 milliardar kroner. – Brems kjøpelysta, og krev meir av dei store kleskjedene, oppmodar forskar Thomas Laudal, som har gått klesindustrien etter i saumane.

– Når det gjeld mat, er vi langt meir kresne. Vi er meir opptekne av etikk når det gjeld det vi har i oss, enn det vi har på oss, seier Laudal, som til no har vore stipendiat ved Universitetet i Stavanger.

I doktorgradsarbeidet har Thomas Laudal forska på klesbedrifter sitt samfunnsansvar og i kva grad fine ord på papiret faktisk blir følgde opp.

– Det er ein trend at store klesbedrifter investerer mykje i å seie kor flinke dei er, men eigentleg er dei ikkje særleg flinke, seier han.

Heile bransjen slit
Statsvitaren har nemleg funne ut at heile bransjen har store vanskar med å vise samfunnsansvar, noko dei også er dømt til å måtte slite med.

– Sidan heile klesindustrien er avhengig av kva som til kvar tid er moteriktig, og sidan klede framleis må syast for hand og i ulike storleikar, har heile bransjen ein lengre veg å gå enn andre bransjar, seier han.

Kleda våre blir altså framleis produserte på same måten som for femti år sidan. Heilautomatisk produksjon blir for dyrt for ein bransje som i hard konkurranse kjempar om å henge med i motebiletet.

– Løysinga blir å flytte produksjonen til utviklingsland. Billeg produksjon gir billege klede, seier Laudal, som fortel at her til lands lagar vi mindre enn tre prosent av kleda våre sjølve.

– I tillegg har prisen på kleda ikkje stige sidan 1984. Det betyr at kleda vi kjøper i dag, er seksti prosent billegare enn dei var for 27 år sidan. Det er skremmande at vi ikkje bryr oss meir om korleis billege klede blir så billege, seier han.

Mexx og Esprit er verst
Verstingane på UiS-forskaren si liste er merkenamn som Mexx og Esprit. Også Varner Group, som eig både Dressmann og Cubus, kjem dårleg ut når vilje til å ta samfunnsansvar blir målt.

– Mexx hadde ingen bokførde aktivitetar som gjekk til samfunnansvarlege aktivitetar i 2009, sjølv om direktøren fekk om lag 45 millionar kroner i godtgjersle, seier Laudal, som altså har måtta grave seg djupt ned i selskapa sine eigne årsrapportar for å finne svar på kor ansvarlege dei faktisk er.

Ingen av dei åtte store internasjonale klesgigantane Laudal har lagt under lupa, har vilja stille opp til lengre intervju med forskaren.

– Esprit er minst like dårlege. Der får sjefen nærare 70 millionar kroner årleg i godtgjersle, medan ingen pengar er sette av til samfunnsansvarlege føremål, seier Laudal.

Velgjerande hjelp ikkje nok
For sjølv om nokre av dei store merkevarehusa har sett av pengar til velgjerande føremål, set UiS-forskaren eit klårt skilje mellom kva som er samfunnsansvar i ordet sin rette forstand, og kva som ikkje er det.

– Skal ei bedrift vise samfunnsansvar, er det ikkje nok å gi pengar til velgjerande føremål eller å vere med i foreiningar for etisk handel. Ekte samfunnsansvar er å ta ansvaret inn som del av kjerneaktiviteten, seier Laudal.

– Bedriftene kan bli meir miljøvennlege i produksjonen eller sikre sosiale behov og menneskerettar til arbeidarane som står for produksjonen, seier han.

– Bedrifter som tek samfunnsansvar på alvor, er oppriktig opptekne av korleis produksjonen deira får direkte konsekvensar for ein tredjepart. Anten det er snakk om fattige barnearbeidarar i utviklingsland eller natur og miljø, seier han.

Kjøp mindre og dyrare
– Flinkast i klassen er Hennes & Mauritz og Zara, sidan dei prøver å bli betre, seier Laudal.

Dei to merkenamna får ros for satsing på å redusere miljøutslepp og for å ha langsiktige avtalar med leverandørar. Dei jobbar òg for å sikre sosiale rettar hjå arbeidarane sine i fattige land.

Butikkjeder som verken er verst eller best, er Lindex, Next, Kappahl og Etam.

– Det mest samfunnsansvarlege er å kjøpe alle klede hjå luksusbutikkar som Louis Vuitton eller Gucci, for dei bruker lokale skreddarar dei steller godt med, seier Laudal, som legg til at dette sjølvsagt ikkje er løysinga for dei fleste av oss.

– Det beste vi kan gjere, er å kjøpe mindre og krevje meir av produsentane. Krev valfridom også i kleshyllene! I matbutikkar kan vi jo velje å vise samfunnsansvar, seier han.

Saken har stått på trykk i UniverS 1 2011

Les også: Økt samfunnsansvar blant bedrifter
 


Sist oppdatert av Silje Stangeland (28.03.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Utstillingsdukker (Foto: iStock)
BILLEGSAL MED BISMAK: Forskar Thomas Laudal meiner at òg forbrukarane må vise ansvar overfor ein bransje som utnyttar utviklingsland for å sikre seg billegbukser på sal. (Foto: iStock)
Thomas Laudal
KYNISK KLESBRANSJE: – Det er skremmande at vi ikkje bryr oss meir om korleis billege klede blir så billege, seier forskar Thomas Laudal (Foto: Privat)
KLEDE FRÅ ASIA

I fjor blei det importert klede til landet for 15 milliardar kroner. Det er 870 millionar kroner meir enn året før.

I Noreg importerer vi stort sett alle kleda våre frå India og Kina. Men no som desse landa har fått ein sterkare internasjonal økonomi, har importen av klede frå fattige land som Malaysia, Vietnam, Sri Lanka og Bangladesh auka.

Kjelde: Hovudorganisasjonen for handel og tenester i Noreg (HSH)