Turistar på ville vegar


Fleire og fleire turistar vil til stader ingen turist har vore før. På Madagaskar ynskjer høvdingar dei villfarne velkommen.

- Det er ei trend at turistar vil til stader kor turistnæringa ikkje har slått skikkeleg rot. Mange vil til stader kor dei dessutan kan gi ei hjelpande hand. Sosial turisme og økoturisme spreier om seg, seier UiS-forskar Øystein Jensen, som har bærekraftig turisme i Afrika som eit spesialområde.

I eit nytt forskingsprosjekt har han sett på korleis samspelet er mellom dei store internasjonale turoperatørane og lokale operatørar på Madagaskar. Til saman har han forska på 50 små og store operatørar og sjølvstendige guidar i seks lokale byar i det som er eitt av verdas fattigaste land.

Han har også intervjua lokale landsbyleiarar, også kalt høvdingar, i desse byane om moglegheitene for organisert turisme.

I forskinga si har han funne at små og lokale operatørar slit med å få til eit godt skreddarsydd tilbod til turistane trass i at dei har kunnskapen som trengs om natur, kultur og språk. Dei store operatørane er for det meste lite villige til å lære av dei lokale operatørane, som ofte blir forbigått av dei store profesjonelle byråa.

Kulturkræsj
- Dei store turoperatørane drar ikkje nytte av dei lokale operatørane og guidane sin kunnskap. Om dei bruker dei, er det berre til enkle oppgåver som å vise veg, padle turistar til og frå eller å lage mat, fortel Jensen.

Samstundes som dei store reiseoperatørane sjølvsagt må ha sikkerheit og sørvis i høgsetet , ville dei ha alt å tene på å samarbeide tettare med dei lokale kreftene, meiner han.

- Det er risikabelt å sende turistar ut i bushen utan lokale kjennarar. Dessutan får dei mindre utbytte av opphaldet der, konstaterer han.

- Mange gassarar i landsbyane er skeptiske til turistar, samstundes som dei også er nysgjerrige på dei. Dei lokale landsbyleiarane som talar på vegne av landsbyane, fortel at det er viktig for dei å bli tatt med på råd av operatørane. Dei vil jo gjerne bli høyrt og respektert i sitt møte med turistar, seier Jensen.

Turistfella
- Men samstundes som lokalbefolkninga vil vere del av den organiserte turismen, har dei ingen rotfesta kultur for å lede an og ta regi. Mykje av ansvaret for å få til ei god arbeidsdeling, ligg difor på dei store turoperatørane, seier Jensen, som meiner det ligg eit viktig moralsk ansvar hos operatørane når dei vel å tilby nye og urørte reisemål til sine kundar.

- Mange lokale samfunn i Afrika er primitive samfunn. Då er det ekstra viktig at turismen blir berekraftig og til å leve med, slik at dei lokale samfunna ikkje blir øydelagt av marknadskreftene, slik vi har sett tidligare, seier Jensen og nemner Gambia som eit land som har gått i turistfella trass i store inntekter frå turismen.

- I Gambia er mellom 80 og 90 prosent av økonomien avhengig av kor mange turistar som kjem til landet, fortel Jensen.

- Kenya såg for fleire år sidan at tolegrensa var nådd på dei populære turistområda. Landet hadde mellom anna store problem både med forsøpling og prostitusjon på visse stader på kysten. Fattige land som Madagaskar må ikkje gå i same fella.

UiS-professoren meiner det er grunn til å stresse det moralske ansvaret til turistnæringa i ei tid kor stadig fleire turistar drar til stader utanfor allfarveg.

Ei trend som blei presentert på Reiselivsmessa på Lillestrøm i januar er at fleire og fleire nordmenn vel å reise åleine og stadig lengre ut i verda.


Sist oppdatert av Silje Stangeland (15.03.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Høvding på Madagaskar
YNSKJER VELKOMMEN: Høvding Séfo i byen Andemaka på Madagaskar vil gjerne bli tatt med på råd av turoperatørar som tilbyr reiser for turistar til Madagaskar (Foto: Øystein Jensen)
Forskar Øystein Jensen og barn på Madagaskar
FORSKAR PÅ ØKOTURISME: Øystein Jensen ved Norsk hotellhøgskole ved UiS forskar på turisme i Afrika. Her er han på eit forskingsopphald i byen Andemaka på Madagaskar for å intervjue høvdingar om kva dei tenkjer om turisme. (Foto: Privat)
Turisme i Afrika

Sør-Afrika, Tanzania og Kenya er dei mest populære turistlanda i Afrika.

I 2008 var det om lag 250 000 turistar som vitja Madagaskar. Av desse var det flest europearar.

Økoturisme er ein form for turisme kor det er eit mål at natur og kultur på staden ein reiser til skal få bli så urøyrt som mogleg.

Kjelde: Øystein Jensen, Social mediation in remote developing world tourism locations - the significance of social ties between local guides and host communities in sustainable tourism development (2010), Journal of Sustainable Tourism.