Saman for bærekraftig turisme


UiS og Madagaskar knyter nye band i eit prosjekt som skal vidareutvikle utdanningstilbodet innan bærekraftig turisme og økoturisme på øya.

Hallvor Lyngstad og Olga Gjerald frå Norsk Hotellhøgskole ved UiS er i Fianarantsoa for å jobbe saman med gassiske kollegaer i prosjektet.

Dei to skal til dagleg jobbe ved ISTE (Institut des Sciences et Techniques de l’Environnement) ved Universitetet i Fianarantsoa. Blant oppgåvene deira er også engelskundervising for dei tilsette ved instituttet.

Lyngstad og Gjeralds engasjement på Madagaskar er eit prosjekt finansiert av Fredskorpset, der Universitetet i Stavanger og Universitetet i Fianarantsoa er to likestilte samarbeidspartnarar.

- Vi føler oss veldig velkomne her nede og ser fram til eit positivt samarbeid til beste for begge institusjonar, seier Lyngstad, som er godt kjent på Madagaskar frå tidligare opphald. 

- Målet med prosjektet er kompetanseoverføring som skal gå begge vegar. Vi får eit innblikk i korleis våre gassiske kollegaer arbeider, medan dei får vite korleis vi underviser i turismefag i Noreg, fortel Gjerald.


Sist oppdatert av Silje Stangeland (04.03.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Tilsette ved Universitetet i Fianarantsoa og frå UiS
SATSAR PÅ ØKOTURISME: På plenen utanfor ISTE i Fianarantsoa er representantar frå UiS og universitetet samla. Nummer tre frå venstre er dr. Edouard Noelson Rakoto (direktør ved ISTE). Nummer ein frå høgre er Hallvor Lyngstad (UiS), medan Olga Gjerald (UiS) står som nummer fem frå høgre. (Foto: Privat)
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567