Kvoteringsdebatt på kvinnedagen


- Det er på tide med kvotering også på kulturfeltet, seier forskar og musikar Anne Lorentzen, som kjem til Stavanger 8. mars for å markere kvinnedagen saman med Nettverk for kjønnsforsking ved UiS.

Nettverk for kjønnforsking ved UiS, Litteraturhuset i Stavanger og Stavanger kommune inviterer nemleg til kvinnedagsarrangement i kinosal 8 på Sølvberget tirsdag 8. mars klokka 15:30.

Temaet for arrangementet er kjønn i kulturlivet og Anne Lorentzen skal snakke om feministisk kulturpolitikk. Særleg vil ho drøfte det som til no har vore tabubelagt i kulturlivet, nemleg kjønnskvotering.

- Å gjere noko med kjønnsbalansen innanfor kultur blir fort kontroversielt. Oppfattinga av at kulturen er eit freda felt er framleis sterk, seier Lorentzen, som altså meiner det er på høg tid at likestillingsdebatten også spreier seg til kulturfeltet.

- Både når det gjeld arbeidsliv og familieliv har vi lenge hatt ein aktiv likestillingsdebatt. Sjølv om denne debatten også har sine slagsider, er det på tide å ta debatten vidare til kulturfeltet. Her bør debatten kome som eit spørsmål om kjønnsbalanse, samtidig som også andre typar av skilnader, som alder, seksualitet og etnisitet blir løfta fram, seier Lorentzen.

I sitt innlegg den 8. mars vil ho peike på fleire paradoks henta frå kulturlivet. Lorentzen meiner nemleg det allereie føregår kjønnskvotering i kulturlivet, utan at dette blir gjort eksplisitt i den offentlege debatten.

- Det er til dømes verdt å merke seg at det blir ramaskrik når kvinner skal kvoterast inn som regissørar i filmbransjen, medan ingen seier noko når kvinnelege skodespelartalent blir vraka for å få til ein jamn kjønnsbalanse på skodespelarlinja, seier ho.

Bok om bryst
Også Birgitta Haga Gripsrud kjem til Stavanger for å delta på markeringa av kvinnedagen. Gripsrud fekk i oktober 2010 tildelt Odd Noregers litteraturstipend for sitt bokprosjekt, Spectacular Breasts. Boka er basert på hennar doktorgrad om kvinnebryst.

- Boka tek for seg eit vidt spekter av kulturelle uttrykk for djupe psyko-sosiale fascinasjonar av kvinnebrystet. Brysta, som "kvinneligheitas kronjuvelar", er eit symbol som står sterkt i vestlig populær- og samtidskultur, fortel Gripsrud.

- Populariteten til trass - brystet har vore overraskande lite omtalt innan kulturstudie og kjønnsforsking. Den komande boka presenterer ein meir gjennomgåande analyse av den moderne tids besetting med det erotiserte kvinnebrystet, seier ho.

Stavangerrock
Rockebandet Frøken Fryd kjem også til kvinnedagsmarkeringa. Bandet består av unge Stavangerjenter som spelar låtar med norske tekstar.

Programleiar for arrangementet er fagleg leiar av Nettverk for kjønnsforsking ved UiS, Wencke Mühleisen.

Det blir enkel servering før programmet startar klokka 16:00.

Billettar kan kjøpast her eller i døra. Arrangementet kostar kroner 100 for vaksne og 50 for ungdom. 


Sist oppdatert av Silje Stangeland (24.02.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Anne Lorentzen
Musikar og forskar Anne Lorentzen kjem til Stavanger på kvinnedagen 8. mars for å snakke om kjønnskvotering og kulturpolitikk.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567