Studentredaksjon i full sving


Det er hektisk i det som for tida er ein av Rogalands største redaksjonar. I tre veker skal komande journalistar og medieingeniørar ved UiS produsere nyheiter for nett, radio og fjernsyn på nettavisaullandhaug.no.

Denne veka starta eit tre vekers medieprosjekt på Universitetet i Stavanger. Tre klassar med studentar frå journaliststudiet og fjernsyn- og multimedieproduksjon skal kjempe om å vere først med dei same sakene som resten av media i Stavanger.

Studentane skal fylle alle roller, som til dømes programleiar, tv-produsent, nettansvarleg og deskleiar.

- I tre veker er vi Rogalands nest største redaksjon. Vi satsar breitt gjennom å produsere nyheiter både for nett, radio og fjernsyn, fortel Torfinn Ingeborgrud, som er universitetslektor ved institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag ved UiS.

Travle dagar
Kvar morgon er det redaksjonsmøte klokka 8.30. Når saker og tips er diskutert skjer det vidare arbeidet i eigne redaksjonar for nett, radio og fjernsyn. Vaktsjefane for dei tre redaksjonane sit deretter saman på ein felles desk for å samkjøre nyheitsproduksjonen.

- I prosjektet skal studentane erfare både fordelar og ulemper med å jobbe fleirmedialt. Det er hektiske dagar og stramme tidsfristar vi har. Å produsere direktesendingar er dessutan både spennande og krevjande, seier Ingeborgrud.

I tillegg til nettavis blir det nemleg daglege radio- og tv-sendingar tysdag til fredag. Radiosendingane startar klokka 15 og fjernsynssendingane byrjar klokka 17. I tillegg blir det nyheitsbulletiner på radio kvar time frå klokka 11-14.

Pipe, styremøte og kino
Alle nyheitene og direktesendingane vil bli publisert fortløpande på nettadressa nettavisaullandhaug.no.

Nokre av sakene denne veka dreier seg om pipa ved Stavanger Universitetssjukehus som stod i fare for å blåse over ende, styremøtet ved UiS og kinofilmen "Jeg reiser alene".  

Dette er tredje året på rad at medieprosjektet ved UiS blir gjennomført.

Send inn nyheitstips og les, høyr og sjå nyheiter på nettavisaullandhaug.no!


Sist oppdatert av Silje Stangeland (18.02.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Opptak i fjernsynsstudio i fjor
LAGAR DIREKTESENDINGAR: Studentane i medieprosjektet lagar daglege radio- og tv-sendingar. Radiosendingane startar klokka 15 og fjernsynssendingane byrjar klokka 17. I tillegg blir det nyheitsbulletiner på radio kvar time frå klokka 11-14. Her frå eit opptak i fjor.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567