UiS-studentar til luksushotell i Dubai


Studentar ved Norsk hotellhøgskole ved UiS kan no få praksisplass på verdas einaste sju stjerners hotell. Universitetet i Stavanger og Emiratenes Academy of Hospitality Management i Dubai skal nemlig samarbeide om studentutveksling.

The Emirates Academy of Hospitality Management er ein del av den suksessrike Jumeirah-gruppa, som mellom anna er eigar av det verdskjente luksushotellet, Burj Al Arab. Gjennom ein samarbeidsavtale om studentutveksling skal studentar frå UiS no kunne ta praksisen sin på luksushotella i Jumeirah-gruppa.

- Gjennom denne avtalen vil studentane våre kunne vere ti veker i praksis på det som blir rekna som nokre av verdas aller flottaste luksushotell. Når studentane er i Dubai skal dei bu på akademiet, som ligg like ved Burj Al Arab. I tillegg til praksis på hotella skal dei også ta nokre fag på akademiet, fortel studiekoordinator Ingebjørg Solvig ved Norsk hotellhøgskole ved UiS.

Det er studentar som tek bachelor i hotell- og reiselivsleiing ved UiS som no kan ta femte semester i Dubai. Dei fyrste studentane som får dra må pakke koffertane allereie i sommar. Kvart år er det om lag fire studentar som vil få moglegheit til å vere seks månader i turistmetropolen.

Internasjonalt miljø
Direktør og grunnleggjar av The Emirates Academy of Hospitality Management, Ron Hilvert, er glad for at Dubai og Stavanger no knytar tette band gjennom avtalen om utveksling av studentar. I tillegg til at studentane vil komme tett inn på driften av luksushotella, vil dei også få viktige kontakter på tvers av nasjonar, meiner han.

- Studentane frå UiS som vel å ta praksisen sin hjå oss, vil få venner frå heile verda. Dubai er ein veldig multikulturell by. I Jumeirah-gruppa har vi tilsette frå over 100 land, sa Hilvert, då han skreiv under på samarbeidsavtalen mellom Emiratenes Academy of Hospitality Management og UiS ved Norsk hotellhøgskole i dag.

Dekan Marit Boyesen, som undertekna avtalen for UiS, er også glad for dei moglegheitene den nye avtalen gir.

- Dette er eit samarbeid vi set stor pris på. Det er ein unik moglegheit for dei studentane som får reise, samstundes som det vil gjere våre studier endå meir attraktive, seier Boyesen.

Akademiet i Dubai har frå før samarbeidsavtalar med ei rekkje lærestader rundt om i verda. Blant dei er den anerkjente Ecole hôtelière de Lausanne i Sveits.

Verdifull arbeidserfaring
Studentar ved hotell- og reiselivsleiing ved UiS synest det nye tilbodet er spennande. Kim Elise Ervik, Christina M.E. Schwarz, Henrik Skaug og Sindre Dybvik kunne godt tenkje seg eit halvt år i Dubai.

- Det freistar veldig. Arbeidserfaringa ein får vil jo vere uvurderleg, seier Henrik Skaug, som allereie har jobba ein del i hotellbransjen i Stavanger.

Han kunne godt tenkje seg ein praksisplass i ein resepsjon på eit av verdas flottaste luksushotell. Kim Elise Ervik kunne også godt tenkje seg å jobbe i ein resepsjon eller med kurs og konferansar om ho skulle velje å reise.

- Dette er eit tilbod eg vil vurdere nøye, konstaterer ho.


Sist oppdatert av Silje Stangeland (28.01.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Burj Al Arab (Foto: iStock)
PRAKSIS PÅ BURJ AL ARAB? Studentar som tek hotell- og reiselivsleiing ved UiS kan no få ta praksisen sin på verdas mest luksuriøse hotell. Burj Al Arab består utelukkande av suiter på fleire hundre kvadratmeter. (Foto: iStock)
Truls Engstrøm, Ron Hilvert og Marit Boyesen
AVTALESIGNERING: Institutt-leiar Truls Engstrøm ved Norsk hotellhøgskole ved UiS kunne også smile då direktør og grunnleggjar av Emiratenes Academy of Hospitality Management, Ron Hilvert, og dekan ved det samfunnsvitskaplege fakultet ved UiS, Marit Boyesen, signerte samarbeidsavtalen mellom dei to lærestadene.
UiS-studentane Kim Elise Ervik, Christina M.E. Schwarz, Henrik Skaug og Sindre Dybvik
DRAR TIL DUBAI? Kim Elise Ervik, Christina M.E. Schwarz, Henrik Skaug og Sindre Dybvik vil vurdere eit semester i dei forente arabiske emirater og er glad for at UiS no har inngått eit samarbeid med det anerkjente akademiet i Dubai.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567