UiS-studentar med i EMCup


Dei tre studentane Leiv Fredrik Berge, Joachim T. Hansen og Christina M.E. Schwarz frå Norsk hotellhøgskole ved UiS fekk prøvd seg på kreativ problemløysing i hotellbransjen då dei deltok på den internasjonale hotellkonkurransen for reiselivsstudentar, EMCup i Nederland før helga.

European Mice en Place Cup er ein konkurranse for kommande leiarar i hotellbransjen der dei får testa si evne til å vere innovative og kreative.

Konkurransen tek form som oppgåveløysing i fleire trinn der studentgruppene frå kvart universitetet mellom anna skal løyse eit case dei deretter skal presentere for ein fagjury, for arrangørane og for ein jury frå næringslivet.

Bruk av sosiale media
Tema for årets konkurranse var sosiale media – leketøy eller verktøy? Studentane skulle mellom anna presentere eit konsept for bruk av sosiale media i reiselivsindustrien. På førehand hadde studentane frå kvart av landa som deltok også laga ein presentasjonsvideo av seg sjølve på YouTube.

- Vi løyste den eine oppgåva med å gi råd om sosiale media til eit tenkt tradisjonelt storbyhotell, der representantane i styret var frå den eldre generasjonen, fortel Christina M.E. Schwarz.

- Gjennom å løyse denne oppgåva såg vi jo verkeleg korleis sosiale media kan brukast og blir brukt i marknadsføringa av bransjen, seier ho.

Nyttige nettverk
Også medstudent og lagkamerat Leiv Fredrik Berge syntest deltakinga i EMCup har vore verdifull.

- Vi fekk målt våre krefter mot studentar frå andre deler av Europa og vi blei utfordra til å samarbeide under tidspress. Vi måtte også gjere harde prioriteringar ut frå enorme oppgåver, fortel Berge, som samstundes fekk sjansen til å bygge nettverk over landegrenser.

Trass i at det var Hotellhøgskolen i Haag som gjekk av med sigeren i Amsterdam, er UiS-studentane klare på at det var ein nyttig arena å vere representert på og noko dei vil anbefale til andre reiselivsstudentar.

- Det var utrolig kjekt. Ikkje berre fekk vi analysert oss sjølve i rolla som leiarar og lagkameratar, vi blei også kjent med mange nye menneske. Dette er absolutt noko eg vil anbefale til andre studentar, seier Schwarz.

Med for fyrste gong
Det var fyrste gong at UiS var representert i konkurransen, der fjorten institusjonar og sju land var med. I tillegg til studentar frå Noreg og Nederland, deltok studentar frå Bulgaria, Frankrike, Tyskland, Portugal og England.

Alle hotellhøgskular i Nederland er kjent med konkurransen og etter kvart har også hotellhøgskular frå andre land blitt med. Konkurransen er for studentar som vil gjere karriere i reiselivsbransjen. Etter kvart har konkurransen også blitt ein viktig arena for studentar som vil knyte band til bransjen på tvers av land.

The European Mise en Place Cup (EMCup) blei i år arrangert for tredje gong. Vinnarane blei annonserte under det store nettverkstreffet for hotell-, restaurant- og utelivsbedrifter i Europa, HotelloTOP Year Event den 12. januar.

Les meir om European Mice en Place Cup


Sist oppdatert av Silje Stangeland (19.01.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Leiv Fredrik Berge, Joachim T. Hansen og Christina M.E. Schwarz
NYTTIGE NETTVERK: Dei tre studentane Leiv Fredrik Berge, Joachim T. Hansen og Christina M.E. Schwarz frå Norsk hotellhøgskole ved UiS fekk mange nye kontaktar under si deltaking i EMCup. (Foto: Ingebjørg Solvig)
Einar Marnburg
EIN AV DOMMARANE: Professor Einar Marnburg frå UiS var med som jurymedlem under EMCup i Amsterdam der UiS-studentane konkurrerte i oppgåveløysing knytt til bruk av sosiale media i marknadsføring av bransjen. Universitetslektor Ingebjørg Solvig var teamleiar for UiS-studentane. (Foto: Ingebjørg Solvig)
Studentar frå Hotellhøgskolen i Haag
VINNARANE: Det var studentar får Hotellhøgskolen i Haag som stakk av med premien som var ein stor pokal og tusen glas. (Foto: Ingebjørg Solvig)
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567