Skremmande er spennande


Smalahovud er ikkje for pyser. Til no har dei færraste av oss lete seg freiste av den tradisjonelle matretten.

- Det er synd, for meir smaksrik tradisjonsmat skal du leite lenge etter, seier professor Reidar Mykletun ved Norsk hotellhøgskole ved Universitetet i Stavanger.

- Med gode poteter, kålrabistappe, øl og smalahoveakevitt er det ei freistande oppleving for ekte smalahoveentusiastar. Men smalahovud er døme på ein type mat som er skremmande for mange. Med både øyrer, munn, tenner, tunge og auge som ser på deg frå tallerken, skal det lite til før den urøynde rynkar på nasen, seier han.

Vinn over frykta
Saman med fyrsteamanuensis Szilvia Gyimóthy frå universitetet i Ålborg har Reidar Mykletun forska på konseptet skremmande mat og korleis entreprenørskap har vorte brukt for å løfte fram igjen tradisjonell mat og gjere han populær. Studia har resultert i to forskingsartiklar på temaet.

- Å ete skremmande mat har blitt ein del av opplevingsturismen, seier Mykletun, som meiner denne typen søken etter ekstreme matopplevingar har blitt ei trend.

Å ete eit smalahovud er ei krevjande øving for mange. Det blir som å overvinne ei frykt. Ein blir stolt når ein har meistra det, seier Mykletun.

- Vi opplever altså ei spenning mellom det å prøve nye smakar på den eine sida og det å unngå vonde smakar på den andre.

Mange hinder
Årsaka til at noko mat er meir skremmande enn annan mat, er ofte fordi vi kjem for tett inn på opplevinga av at vi et noko som har vore levande. Smalahovudet er skremmande berre ut frå utsjåande sitt - å ete eit ansikt blir for kjenslevart for mange.

Dessutan er vi lærte opp til kva som er rett og galt å ete. Eit hovud høyrer til i den siste kategorien og blir dermed noko vi vegrar oss mot.

Lukta av røykt sauekjøtt kan og vere eit hinder for oss. Den kraftige aromaen av eit kokt smalahovud verkar ubevisst på oss og blir for mange eit varsel på at noko er farleg eller ubehageleg. Og vi let vere å ete det.

Ifølgje UiS-professoren kan også konsistensen vere ein barriere. Smalahovudet består av fleire typar kjøtt, noko er mørt og fint, noko er feitt, og tungekjøtet har sin eigen kornlige konsistens. Auga er dessutan mjuke og geléaktige.

- Smalahovud er heilt klart eit måltid som ein må trene seg opp til å like, seier Mykletun.

Kommersialisering
Å ete mat som er skremmande er difor ei meistringsøving. Innan reiselivsnæringa har nokre entreprenørar kommersialisert ideen og dermed løfta gamal tradisjonsmat til nye høgder.

- I Voss har det lenge vore tradisjon å nytta smalahovud som måltid. Vossingane har etter kvart utvikla sin særeigne måte å laga til smalahovud på, der dei ikkje flår, men svir av ulla for å få ein lysare brunfarge på kjøttet. Dette har nokre entreprenørar teke tak i. Dei har vore innovative og modige som har brukt smalahovud som matoppleving i si marknadsføring av staden. Å selje ideen om ekstreme opplevingar, anten det gjeld mat eller sport, har gjort Voss til eit attraktivt reisemål for turistar og besøkande, seier Mykletun.

Han nemner spesielt smalahovegründeren Ivar Løne og hans familiebedrift som i dag produserer dei fleste smalahovud som kjem på norske bord. På gardsrestauranten til Ivar Løne kan ein nyta smalahovud med Vossaøl og smalahoveakevitt til. Smalahovesleppet er dessutan ein eigen festival der besøkande både kan smake smalahovud og få med seg god underhaldning. Fleicher hotell er også ein viktig smalahovudentreprenør. Hotellet leverer store smalahovudmiddagar, lagar smalahovudlag og har måltidet på sin a la carte-meny.

- Med dette har smalahovudet blitt løfta opp og fram som eit opplevingsprodukt - også for reiselivet. Måltidsopplevinga har blitt utvikla litt etter litt. I dag kan turistar kjøpe med seg både smalahovud-service, smalahovud-bestikk og eigen akevitt som suvenirar under sitt besøk på Voss, fortel Mykletun.

Hai, haggis og hund
Ifølge Mykletun kjem skremmande mat i mange variantar. I Sverige har dei tradisjon for å ete gjæra sild på boks. På Island er det råttent haikjøtt som gjeld. Skottane svergar til retten haggis, som består av innvollar frå sau pakka inn i sauen sin magesekk.

I Frankrike er frosk ein rett som mange kviar seg for å ete. Kinesarar har gjerne hund på menyen, medan innbyggjarane på New Zealand et måkekjøtt. I fleire asiatiske land er slange ein type mat som skremmar.

- Dei som har lukkast med salet av smalahovud har både klart å skape eit nytt produkt og aktivitet også utanom turistsesongen. Vi kan godt seie dei har pakka smalahovudet inn i nytt innpakkingspapir, seier Mykletun.

Se saken på trykk i UniverS nr 4 2010


Sist oppdatert av Silje Stangeland (21.12.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Smalahove (Foto: Tove.K. Breisten)
IKKJE BERRE LEKKERT: Eit smalahovud ser gjerne ikkje så delikat ut, men no let fleire og fleire seg freiste av den tradisjonsrike matretten. (Foto: Tove.K. Breisten)
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567