Jaktar etter den gode vinen


Dei fyrste druene speglar seg varsamt i haustsola. Vene og vakre som små perler. Ei og anna høne traskar rundt mellom radene av drueplantar medan studentar jaktar etter ingrediensar til oppskrifta på perfekte vindruer.

På Universitetet i Stavanger sin eigen vingard får andreårsstudentane i hotell- og reiselivsleiing undervising i studieemnet ansvarleg vertskap. Arbeidet på vingarden skal gjere dei til ekspertar på kva som må til for å få smakfulle vindruer til å trivast – i Stavanger.

– Til no har vi berre hatt to førelesingar, så eg kan ikkje alt om dyrking enno. Men eg er god på å smake, seier Line Katrine Lie. Ho og medstudent Nicole Gola gler seg til å lære meir om gode smakar og om vinen sin veg frå råvare til ferdig nytingsmiddel.

Blå og gule
Vingarden ligg like ved universitetsområdet, på ei av markene til den økologiske garden på Ullandhaug. Takka vere tett samarbeid mellom garden og Universitetet i Stavanger har drueklasane blitt fleire og større år for år sidan 2005.

Fylkeskommunen og Stavanger kommune har vore viktige støttespelarar frå starten av. Ei pengegåve på 150 000 frå Fylkeskommunen og fri disponering av sjølvvalt tometeareal i Stavanger var viktige føresetnader for at prosjektet kunne realiserast.

Opp gjennom åra har UiS og Norsk hotellhøgskole (NHS) støtta vingarden med pengar til stadig nye vekstar. I dag står nærare tre hundre drueplantar og strekkjer seg ivrig mot sollyset for å slåst om glansen. Dei fleste er av sorten Hasansky sladki, ein russisk blådruesort som toler mange kuldegrader, og som modnast tidleg.

– Vi har òg planta ein tysk sort blå druer som heiter Rondo. Han er nokså vanleg her i Skandinavia. Cabernet cortis er ein annan type små blå druer som gir ein utmerka kraftig raudvin. Vi har mange plantar av det slaget òg, fortel drueentusiast og pådrivar Helge Jørgensen ved Norsk hotellhøgskole ved UiS.

Han har vore med på prosjektet frå ideen hans blei fødd og det fyrste spadetaket blei teke. Og framleis er han like ivrig når han peikar og fortel studentane om dyrking av druer.

– I tillegg har vi nokre gule druer frå Tyskland som heiter Solaris. Det er ein eventyrleg sort, seier han.

Til fingerspissane
Å dyrke fram gode druer krev tolmod og detaljert plantekunnskap. Og ein god dose kjærleik og omsorg, skal vi tru gartnar
Sigurd Emil Garstad, som til dagleg jobbar på den økologiske garden på Ullandhaug. Saman med Helge Jørgensen viser han
studentane i detalj korleis drueplantane skal skjærast og bindast opp.

– Når drueplantane er små, må vi passe på dei 24 timar i døgnet. Dei må passast på som små barn, seier Garstad, som kvar dag sørgjer for at alle dei fruktige druene får det dei treng.

– Vi bind dei opp i såkalla enkel eller dobbel guyot. Vi hjelper greinene til å strekkje seg mot himmelen, som om dei strekkjer ein eller begge armane i vêret.

– I jorda har vi brukt strandsand og gamle fruktskrottar for å gjere jorda fyldig og luftig. Vi har planta over hundre tre for å skjerme for vind, og vi har høner som hjelper oss med å halde ugraset unna, fortel Jørgensen.

– For at druene skal få nok lys, plukkar vi vekk grøne blad så dei ikkje stengjar for sola. Og vi har rosebuskar for enden av eit par av rankene som varslar oss tidleg om det er lus på ferde, seier han, og legg til at alt frå drueklasar til trestokkar er usprøyta, i god økologånd.

Stavangervin
Nicole og Line Katrine plukkar forsiktig eitt og eitt blad frå rankene så fleire druer kan få varme seg. Dei fortel at dei gler seg til undervisinga på vingarden. Dei kallar det ein oppkvikkar i kvardagen.

– Kunnskapen er lettare å ta til seg når vi får ta del, seier Nicole og held fram:

– Og det er kjekt å vite kva du drikk. Og om du ein gong skal drive eigen bar, har du kunnskapen.

På Norsk hotellhøgskole kan studentane også ta etablerarprøva og kunnskapsprøva, ofte kalla skjenkelappen. Den fyrste kvalifiserer til drift av eigen kafé, den andre til drift av stader med skjenkeløyve.

Helge Jørgensen håper å kunne tilby smaken av druene på Ullandhaug til gjester på restaurantane i byen om nokre år.

– Etter kvart skal vi jo produsere vår eigen vin av desse druene, seier Jørgensen, som synest det er stas at Universitetet i Stavanger kan skilte med å vere verdas nordlegaste universitet med eigen vingard.

Under lupa
Men druerankene på Ullandhaug er ikkje berre til for studentar og komande vinsmakarar. Det skal forskast òg.

– Vi skal finne svar på korleis drueklasane kan vekse best mogleg her til lands. Kor mykje vind og sol dei liker, og kva jord dei trivst best i, seier Jørgensen, som trur Noreg kan bli eit framifrå vinland om det varme klimaet held seg.

Forskinga på vingarden skal han gjere saman med forskarar frå Bioforsk og i samarbeid med den botaniske hagen på Ullandhaug og den økologiske garden.

– Tjukta på stammane kan òg vere avgjerande. Dei bør vere opp mot ti millimeter i diameter det fyrste året. Vi prøver ut lengda på stammane òg, seier Jørgensen, som fortel at dei stadig prøver nye metodar i druedyrkinga.

– Druesortane vi har planta til no, er hardføre, og dei modnast fort etter blomstring. Så lenge det er varmare enn fem grader, klarer dei seg. Det viktigaste er ikkje storleiken på sjølve druene, men storleiken på klasane, seier han.

– Vindyrkarar i Frankrike og Italia synest vi er litt galne, men dei har tru på prosjektet, ler Jørgensen, før han igjen forsvinn inn mellom store grøne blad på jakt etter nye perler.

Tekst: Silje Stangeland
Foto: Elisabeth Tønnessen og Janet Molde Hollund

Denne saka blei første gong publisert i Univers nr. 3 2010 

Les også: UiS med eigen vin
Les også: UiS-vinen har fått navn


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (10.03.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Studentar ved UiS
GRØNE FINGRAR: Nicole Gola og Line Katrine Lie studerer hotell- og reiselivsleiing og synest praksisen på vingarden er eit høgdepunkt i undervisinga. – Kunnskapen er lettare å ta til seg når vi får ta del, seier Nicole
Helge Jørgensen
DRUEENTUSIAST: Han har forska på alkoholens gleder og sorger og undervist studentar i vindyrking i ei årrekkje. At dei fyrste druene no har kome på vingarden han hadde ideen til, er stas, innrømmer Helge Jørgensen ved Norsk hotellhøgskole ved UiS.
Vindruer
DRUER BLIR VIN: – Etter kvart skal vi jo produsere vår eigen vin av druene, seier Jørgensen, som synest det er stas at Universitetet i Stavanger kan skilte med å vere verdas nordlegaste universitet med eigen vingard.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567