Turismetidsskrift jubilerer


- Det var få som trudde på ideen vår, men vi har fått det til, seier professor Reidar Mykletun, om hjertebarnet sitt som no fyller ti år. Tidsskriftet Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism blei til i 2000 og har vakse seg større år for år.

Tidsskriftet såg dagens lys ved Norsk Hotellhøgskole ved UiS med midlar frå Høgskolens universitetsfond. I dag er Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism eit skandinavisk samarbeidsprosjekt støtta av Universitetet i Stavanger. Eit tett samarbeid med den årlege konferansen Nordic Symposium in Tourism and Hospitality Research har også gjort sitt til suksessen.

- Vi såg eit behov for eit vitskapeleg tidsskrift som skulle publisere nordisk reiselivsforsking. Nordisk forsking kan av og til falle utanfor det som er hovudstraumane i Europa, Storbritannia, USA og Australia fordi vi fokuserer meir på natur, småskaladrift, nordiske arbeidsforhold og høge kostnadsnivå, fortel professor Reidar Mykletun, som meiner tidsskriftet har vore med å definere nordisk turismeforsking.

Abonnentar verda over

Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism publiserer om lag ein tredjedel av forskinga frå nordisk reiseliv. Over 200 forfattarar har vore representert med sine vitskaplege artiklar og over 130 forskarar verda over har kome med sine faglege vurderingar. Ved utgangen av 2009 var over 130 artiklar blitt publisert i tidsskriftet.

Mykletun var pådrivar under oppstarten og har vore ein av to redaktørar sidan, saman med Jan Vidar Haukeland ved Transportøkonomisk Institutt. Den tredje redaktøren, førsteamanuensis Anette Therkelsen ved Ålborg Universitet, kom inn i 2008, og Trude Furunes ved Norsk hotellhøgskole er i dag teknisk redaktør for tidsskriftet som har nærare 800 abonnementsavtalar med bibliotek over heile verda, og meir enn 12.000 årlege nedlastingar av artikkelmanus.

- Vi får inn flest forskingsartiklar frå Norge og Island. Men framover vil vi også få fleire frå Russland, Estland, Latvia og Litauen, trur Mykletun.

Mot straumen

- Det var få som trudde på ideen vår ved Høgskolen i Stavanger. Dei mente fagmiljøet i Stavanger var for lite til å etablere og drive eit vitskapleg tidsskrift. Men vi har fått det til takka vere støtta til oppstarten frå Universitetsfondet, eit stort nordisk og internasjonalt nettverk, og ved å legge vekt på kvalitet slik at vi har blitt anerkjente internasjonalt og derfor tiltrekker oss gode manus, seier Mykletun.

Sjølve jubileet skal feirast på den nordiske forskarkonferansen 19th Nordic Symposium of Tourism and Hospitality Research som blir arrangert i desse dagar i Akureyri på Island.

Les også Støtte til Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (13.12.2016)

Skriv ut artikkel print symbol
Tidsskriftet Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism
Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism har auka i volum frå 60 sider to gonger i året i 2001 til 120 sider fire gonger i året frå 2006.Tidsskriftet blir gitt ut av Tylor & Francis og har dei siste fire åra også fått økonomisk støtte frå Nordisk Publiseringsnemnd.
Trude Furunes og Reidar Mykletun
JUBILERAR: - Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism er det einaste turismetidsskriftet i Norden som er engelskspråkleg. Og abonnentane er frå heile verda, fortel Trude Furunes og Reidar Mykletun ved Norsk hotellhøgskole ved UiS.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567