Studentar besøkte cruiseskip


Søndag 5. september fekk 80 studentar og tilsette ved Norsk hotellhøgskole besøke cruiseskipet ms Westerdam. Studentane fekk ei grundig omvising i alle avdelingar på båten, samt god lunsj og underhaldning.

Invitasjonen til besøket kom frå HR-manager Joshua H. Juel på ms Westerdam. Han har sjølv vore student ved Norsk hotellhøgskole ved Universitetet i Stavanger.

- Å oppleve korleis logistikk, økonomi, vertskap og service heng saman var svært interessant og tankevekkjande for mange. Med 2000 gjester er servicenivå, sikkerheit og god planlegging særs viktig, seier universitetslektor og studiekoordinator Ingebjørg Solvig ved NHS.

- Dette var ein fin anledning til å få sjå reiselivsleiing i praksis, seier ho.

Les meir om reiselivsleiing

 


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (09.09.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Studentar som ser på utsikten
Utsikten var god då studentane ved NHS entra toppdekket.
Cruiseskip
Servicenivå, sikkerheit og god planlegging er særs viktig på eit cruiseskip, fekk studentar og tilsette ved NHS høyre då dei fekk omvising på ms Westerdam.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567