Konferanse om finanskriser


Ekstreme hendingar og korleis dei påverkar økonomiske system skal diskuterast av internasjonalt kjende forskarnamn frå 3. til 8. mai. Det er klart for konferansen "Third Annual Conference on Extreme Events in Economic Systems" ved Universitetet i Stavanger.

Forskarane på konferansen skal sjå nærmare på tema som er særleg aktuelle i desse dagar. Stikkord er ekstreme hendingar, kriser og beslutningstaking.

Forskarane skal både sjå på korleis ekstreme hendingar kan forklarast og korleis ein kan sjå fram i tid og varsle at dei kjem. Døme på slike kriser og ekstreme hendingar kan vere finanskrise og konsekvensar av klimaendringar.  

Kjente namn
Konferansen har store namn på deltakarlista. Hovudtalar er Kenneth Froot frå Harvard Business School. Han skal halde innlegget “Tails that Wag the Dog: The Financial Consequences of Extreme Events”.

Også Dwight Jaffee er eit kjent namn innan finans. Han skal halde foredraget "Economic Implications of Extreme and Rare Events".Robert Flood skal dessutan halde presentasjonen "A Perspective on Predicting Currency Crises" om kriser i internasjonale marknader.

Kjente statistikarar som kjem er Christian Genest og Victor de la Pena. Rådgjervar Morten Staude frå Finansmarkedsfondet skal halde innlegget "A View from a Research Apparatchik’s Perspective".

Workshop
Konferansen finn stad 5. mai i Arne Rettedalshus G-101. Frå 3. til 8. mai er det workshop der ulike økonomiske teoriar skal drøftast og presenterast. 

Les meir om konferansen 



 

 


Sist oppdatert av Silje Stangeland (29.04.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Penger
Kjente namn innan økonomi og finans kjem til UiS 3.-8. mai for å vere med på konferanse om finanskrise.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567