Forskingsmidlar til SV-fakultetet


Økonomiprofessor Ola Kvaløy og Det samfunnsvitskaplege fakultet har fått 5,8 millionar kroner til forskingsprosjektet «The law and economics of relational contracts». Prosjektet går over fire år, og betyr òg ei ny stipendiatstilling.

Ola Kvaløy var ein av dei få som kom gjennom nålauget då Forskingsrådet og fagkomiteen for samfunnsvitskap førre veke delte ut midlar til frittståande forsking (FRISAM). Av dei 91 søknadane om forskarprosjekt som kom inn, var Kvaløy og Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Stavanger blant dei seks heldige som fekk klarsignal.

– Søknad med kvalitet
I svarbrevet frå Forskingsrådet heiter det at komiteen i si vurdering har lagt hovudvekt på kvaliteten på søknaden, og at dei i tillegg har teke omsyn til føringar i utlysing i år. Dei har òg lagt vekt på at forskarprosjekta bør ha rekrutteringselement og innebere samarbeid.

–Stor stas
– Det er sjølvsagt stas. Me sende søknaden i byrjinga av juni, og visste det var vanskeleg å få midlar. Men det er alltid eit håp, seier Kvaløy.

No skal tre-fire personar frå UiS og Norges Handelshøyskole, samt tre utanlandske forskarar, jobbe vidare med temaet som økonomiprofessor Ola Kvaløy allereie har fått Lyses forskingspris for. Det handlar om relasjonskontraktar. Kontraktar som er baserte på tillit, og som ikkje nødvendigvis kan handhevast av rettssystemet.

– Me vil i hovudsak utvikle teori, men òg utføre kontrollerte eksperiment for å teste nokre av teoriane, forklarar Kvaløy.

Tre underprosjekt
Sjølve forskingsprosjektet vil bli organisert i tre underprosjekt. I to av underprosjekta vil dei utvikle teori for korleis behovet for relasjonskontraktar påverkar bedriftsorganisering og insentivordningar. I det tredje vil dei utføre eksperiment.

– Prosjektet gir oss moglegheit til å invitere dyktige internasjonale forskarar hit; me får ei stipendiatstilling og me gis rom til meir forskingstid, seier Kvaløy.

Her kan du sjå korleis FRISAM fordeler midlane for 2010.

 Tekst: Janet Molde Hollund


Sist oppdatert av (09.12.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
På femårsdagen til UiS 29.10.2009 fekk økonomiprofessor Ola Kvaløy Lyses forskingspris for forsking om formelle og uformelle kontraktar.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567