UiS-delegasjon på ESREL-konferansen i Praha


Ein stor UiS-delegasjon var nyleg i Praha på den internasjonale European Safety and Reliability Association-konferansen. UiS var representert med 11 av 60 norske deltakarar og var den største norske delegasjonen.

Det var totalt 350 deltakarar. I 2007 var UiS arrangør for konferansen som då samla 450 deltakarar. ESREL er ein av de viktigaste konferansane innan sikkerheit.

- Dette er ein konferanse som gjev nyttig påfyll, seier professor Terje Aven, Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging. Det gjev oss høve til å byggja nettverk og vera del av eit viktig fagleg miljø.

- Det er òg ein konferanse som gjev nye impulsar på det faglege området og som kan resultera i nye prosjekt, seier Terje Aven.

På konferansen blei det lagt frem 600 artiklar. 340 artiklar blei godkjende. Det ble òg skipa til  fleire sesjonar og workshops med representasjon frå UiS.

- Dette er spesielt ein god anledning for våre doktorgradsstudentar til å presentera arbeider som kan bli utgangspunkt for faglege diskusjonar, sier Terje Aven.

Les meir om konferansen

Tekst: Egil Rugland

 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (23.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
UIS PÅ ESREL: Frå venstre: Eirik Abrahamsen, Karianne Eidesen, Riana Steen, Willy Røed , Roger Flage, Jon Espen Skogdalen, Jan Erik Vinnem og Terje Aven.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567