EnB1 hyllar meisterkomponisten Arvo Pärt


Ensemble Bjergsted 1 skal i fem dagar, frå 9. til 13. september, hylla den estiske komponisten Arvo Pärt med stjernespekka konserter i samarbeid med Numusic-festivalen og Stavanger Symfoniorkester. Pärt skulle opphavleg ha kome til Stavanger, men har diverre blitt sjuk.

- Arvo Pärt lagar fantastisk vakker musikk. Alle konsertane under festivalen blir strålande, lovar professor Jan Bjøranger ved Institutt for musikk og dans.

Ifølgje Bjøranger er det sjeldan at Pärt deltar på arrangement som dette. Han skulle etter planen vere i Stavanger og jobbe med EnB1, men har diverre blitt sjuk. Bjøranger har tidligare arbeida med Pärt og fortel om heilt spesielle konsertopplevingar.

Bjøranger er initiativtakar til konsertserien og til Ensemble Bjergsted 1 (ENB1). Ensemblet er eit samarbeid mellom dei etablerte og dei unge musikkmiljøa i Stavanger. Med utspring i Institutt for musikk og dans (IMD) ved Universitetet i Stavanger blir musikarar samla frå Stavanger Symfoniorkester, lærarar og studentar frå IMD og frå kulturskulane, samt andre profilerte musikarar med tilknyting til regionen.

- Pärt er for alle
Musikkprofessoren oppmodar alle til å oppsøka EnB1-konsertane, sjølv om ein ikkje er ekspert på klassisk musikk.

- Pärt er veldig beinveges. Du treng ikkje høgare utdanning for å forstå musikken. Han blir ofte spilt og appellerar til alle. Musikken har noko gregoriansk over seg, der han går inn og ut av stillheita, men det moderne tilsnittet er heile tida sterkt til stades, fortel Bjøranger.

Opningskonserten i St. Petri kirke onsdag 9. september markarar også starten på festivalen Numusic. For fyrste gong denne veka får vi høyre Fratres, denne gongen med bratsj som soloinstrument. Lars Anders Tomter spelte denne versjonen for Pärt i Umeå og komponisten blei svært gripen, både over denne og framføringa hans av Spiegel im Spiegel. I tillegg får vi høyre The Hilliard Ensemble, best kjend frå samarbeidet sitt med Jan Garbarek, framføre nokre av dei verka som har følgt dei på vegen deira med komponisten. Her får publikum sjansen til å høyre musikk som aldri har vore framført i Noreg før. Også musikk som Pärt skreiv til minne om komponisten Benjamin Britten blir framført.

Renommert kor
Bjøranger trekk elles spesielt fram avslutningskonserten med Latvias nasjonale kor i St. Petri kirke. Her spelast også Fratres i den opphavlege forma si, for fiolin, strykeorkester og slagverk. Deretter kjem Tabula Rasa frå 1977, ein av hjørnesteinane i Pärt si verkliste. Eit verk med store instrumentale utfordringar for solistane.

- Koret er Pärt sitt fyrsteval og eit av verdas mest etterspurde og renommerte. Dette er musikk ein sjeldan får høyre i Noreg, seier han.

Bjøranger meiner EnB1 er eit strålande eksempel på dei enorme muligheitene som opnar seg gjennom samlokalisering av musikkaktørane i Bjergsted.

- I samband med konsertserien samlast musikk-Stavanger til eitt rike. Prosjektet gir intensiv læring og målet er at alle partar skal få eitt læringsutbytte, i tillegg til gode opplevingar, seier Bjøranger.

Sjå program og meir informasjon på EnB1 si heimeside

Les meir om konsertserien
 


Sist oppdatert av (07.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av Arvo Pärt
Ensemble Bjergsted 1 byr på musikk av den estiske kompisten Arvo Pärt, framført av musikarar i toppklasse.
Bilete av Jan Bjøranger
- Du treng ikkje høgare utdanning for å forstå musikken til Arvo Pärt, seier musikkprofessor Jan Bjøranger ved Universitetet i Stavanger.
EnB1-logo
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567