Rekordmange internasjonale studentar


300 studentar frå 69 land starta haustsemesteret i dag. Det er rekord for Universitetet i Stavanger. I fjor var det 220.

Prorektor Egil Gabrielsen ønskte studentane velkomne til UiS og ga ein orientering om universitetet.

- Me set pris på at så mange internasjonale studentar har valgt UiS, seier Gabrielsen. I framtida ønskjer me endå fleire. Internasjonale relasjonar betyr mykje for alle universitet, ikkje minst for eit ungt universitet som UiS.

- I løpet av dei siste åra har talet på internasjonale studentar og forskarar auka og har berika regionen både når det gjeld det akademiske, kulturelle og sosiale mangfaldet.

Problemet med vidare ekspansjon er forholda på bustadmarknaden.

- Men i år har me klart å skaffa bustader alle dei 300 studentane.

I år var det heile 925 søknader om opptak til 20 plassar på det internasjonale masterstudiet i petroleum.

- Det er det mest populære studiet, seier rådgjevar Magdalena Brekke i Einheit for studentservice (ESS). Den store auken i år har samanhang med at UiS har fleire internasjonale masterstudier enn tidlegare. Mellom anna er det nye tilbod i biologisk kjemi og IKT, og samstundes er det eit fornya tilbod i Joint master i migrasjon og internasjonale relasjonar.

Det var totalt 3648 søknader om opptak ved dei internasjonale studia på UiS. Det er òg rekord.

Frå Kanada

Tre kanadiske sjukepleiarstudentar var blant dei nye som blei ønskt velkomen i dag.

- Me kjem frå Kamloops, British Colombia, seier Kate Allard. Me har fått varme anbefalingar frå tidlegare kanadiske sjukepleiarstudentar som har vore på UiS. UiS har ei utdanning som er relevant for oss.

- Me ser fram mot å få kunnskap om det norske helsesystemet, men me ser òg fram til å bli kjend med norsk kultur og levemåte, seier Bethany Penney.

- Me gler oss verkelig til opphaldet på UiS. Folk er svært venlege og ønskjer å hjelpa oss på alle måtar, og alle snakkar jo engelsk. Det er dyrt her, men det var me klar over. Det me savnar mest er mangelen på telefonkioskar. Våre mobilar verker ikkje her, seier Natalie Lidster med eit lite sukk.

Frå Latvia

Liene Lupkina kjem frå Latvia og skal starta på eit ½-åreg studium i bygg som utvekslingsstudent.

- Eg har arbeida i eit latvisk selskap som har gode relasjoner til Stavanger. No kan eg få ei utdanning som eg kan bruka når eg kjem attende til Latvia. UiS og Stavanger har òg eit føremon at det er relativt kort avstand til heimlandet mitt.

I dagane som kjem skal dei 300 studentane få meir kjennskap til tilhøve om banksystem, helse, skatt og avsluttar med ein tur til Månafossen, og i d ag er det omvisning i Stavanger sentrum.

Men kanskje er eit av dei mest populære tilboda foredraget om How to make your money last.

Tekst: Egil Rugland

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (13.08.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Rådgjevar Magdalena Brekke presenterar fire internasjonale studentar: Frå venstre: Natalie Lidster, Kanada, Liene Lupkina, Latvia, Bethany Penney, Kanada, Kate Allard, Kanada.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567