Disputas om forbrukaråtferd


Heidi Victoria Skeiseid forsvarer 19. juni doktorgrada si i leiing ved Universitetet i Stavanger. Ho har forska på kva som er grunnen til at me oftare kjøper eit produkt når det blir presentert saman med et alternativ, enn når det blir presentert åleine.

Ein teori frå 2013, kalla «Single option aversion», seier at konsumentar er mindre villige til å velje eit produkt dersom det ikkje er konkurrerande alternativ til stades, og forklarer dette med at konsumentar har eit «ønske om å leite».

På same måte som teorien ho tok utgangspunkt i, finn Skeiseid at mange fleire vil kjøpe eit gitt produkt når dei får fleire alternativ å velje mellom. Men når ho undersøkjer kvifor det er slik, finn ho andre forklaringar enn forskaren bak teorien.

Ho finn at det ikkje er eit «ønske om leite» som er drivaren bak å utsette eit val. Derimot finn ho at dei som kjenner seg beklemt i ein situasjon med avgrensa valmoglegheiter, utsett eit kjøp.

Tittelen på avhandlinga er «Single-Option Aversion; Replications and Extensions».

Om kandidaten

Heidi Victoria Skeiseid (41) er frå Stavanger og har master i marketing management frå Cranfield University i England. 


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (05.06.2018)

Skriv ut artikkel print symbol
Heidi Victoria Skeiseid.
Heidi Victoria Skeiseid disputerer 19. juni.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567