Rom for digital eksamen


UiS har leigd fjerde etasje i Arkivenes hus for å innfri universitetet si målsetjing om 80 prosent gjennomføring av digital eksamen.

Ei viktig del av UiS si satsing på digitalisering handlar om å kunne tilby studentane digital eksamen.

I desse dagar kontar 2 000 UiS-studentar. Mange av dei har teke i bruk dei flotte, lyse lokala i Arkivenes hus, som altså er det siste nye byggtilfanget på campus.

Opning av Arkivenes hus.

Konteeksamen i arkivenes hus.

300 plassar

I Arkivenes hus er ein heil etasje med fire store rom tilrettelagt for at 270 studentar skal kunne ta digital eksamen samstundes. Rom AH 401 og AH 406 har 80 plasser, medan rom AH 402 og AH 405 har 55 plasser.

Romma er lyse med lyddempande vegg-til-vegg-teppe, noko som gjer lokala godt egna til eksamensavvikling.  

– Romma er rigga for digital eksamen. Dette er ein del av universitetet si digitale satsing. Med dette bygget er vi komen eit viktig steg nærare det å innfri målet vårt om 80 prosent gjennomføring av digital eksamen innan utløpet av 2017, fortel prorektor ved UiS, Dag Husebø.

Fleksible undervisningsrom

Dei to romma med 80 eksamensplassar er også tilgjengelig for undervisning utenom dei ordinære eksamensperiodane. Romma er utrusta med stoler og bord gruppert i små grupper, og søyler med strømuttak.

Husebø er glad for tilskottet som utvider tilbodet UiS kan gje studentane sine.

– Desse store flate undervisningsromma gjev meir moglegheit for gruppearbeid samanlikna med eit auditorium, som har faslåste benkerekkjer. Dette gjev stor fleksibilitet med tanke på arbeidsform.

Husebø legg til at det skal installerast AV-utstyr med fleire mobile skjermar.

– Romma er innreidde med tanke på at vi i større grad kan utprøve og utvikle nye undervisningsmetodar, fortel Husebø. 

Ein kan kontakte timeplan@uis.no for å reservere rom.

Møterom for UiS-tilsette

Arkivenes hus huser også kontorlokaler, møterom, opphaldsrom og kjøken. Det er mogleg for UiS-tilsette å booka møterom i Arkivenes hus, men ein blir då fakturert for dette. 

Skal du booke rom, kan du gå inn på: http://booking.ipark.no

Kantine

Arkivenes hus har også ei kantine som har varm lunsj kvar dag frå 11.00–12.30

Arkivenes hus ligger nedanfor iPark i Richard Johnsens gate 12.

Tekst: Karen Anne Okstad
Foto: Asbjørn Jensen


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (06.10.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Studentar i Arkivenes hus.
UiS-studentane har fått nye, fine, lyse rom å ha eksamen i.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567