UiS veks på forsking


UiS held fram med å vekse på forsking og har auka talet på vitskapleg publisering, frå 739 poeng i 2015 til 805 poeng i 2016. Altså ei auking på 9 prosent.

Universitetet i Stavanger sin rapport over vitskapleg produksjon for 2016 vart levert fredag 31. mars til det nasjonale forskingsinformasjonssystemet Cristin.

Tala viser at UiS veks på forskingsresultat. To av institutta ved UiS som særleg har auka sin vitskaplege produksjon, er Institutt for matematikk og naturvitskap som har gått frå 77 poeng i 2015 til 116 poeng i 2016, og Institutt for musikk og dans som har gått frå 2 poeng i 2015 til 13 poeng i 2016.

Tala på vitskapleg produksjon for alle universitet og høgskular finn ein på Database for statistikk om høgre utdanning (DBH). Databasen hentar informasjon frå Cristin. 

Du kan her sjå ein tabell over publiseringstala ved UiS etter ny utrekningsmodell (poeng fordelt på institutt og poeng per vitskapleg årsverk, såkalla UFF-stilling).

I denne tabellen viser vi resultata for dei to siste åra. Merk at frå og med 2015 kom ei ny løysing for poengutrekning av vitskaplege publikasjonar. Difor gir det meining å vise fram desse to åra. 

Merk også at tala er summert opp etter samanslåingane som har vorte gjennomført i sektoren i 2016.

Publisering per vitskapleg årsverk

Publiseringstala fordelt på vitskapleg årsverk ved UiS ligg på 0,94 poeng. Noko under landsgjennomsnittet, som er på 1,31 poeng.

Fleire institutt ved UiS ligg likevel langt over landsgjennomsnittet, det gjeld blant anna Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi, som har 2,42 poeng, og Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging, som har 1,86 poeng.

Høgt kvalitetsnivå

158 publikasjonar ved UiS er publisert på nivå 2. Det utgjer 20,5 prosent av alle publikasjonane på UiS.

NTNU og Norges miljø- og biovitskaplege universitet kan vise til same prosentandel – 20,9 og 20,2 prosent. Likevel er dette noko under landsgjennomsnittet, som er på 23,2 prosent.

Institutt for matematikk og naturvitskap og Institutt for petroleumsteknologi har her gjort det særs godt. Heile 44,7 prosent av publikasjonane ved Institutt for matematikk og naturvitskap er på nivå 2, medan petroleumsforskarane er hakk i hel med 43,2 prosent på nivå 2.

Å publisere på nivå 2 er meir krevjande enn nivå 1 og det er eit godt kvalitetsstempel på forskinga og eit teikn på at forskinga blir lesen og referert til.

 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (24.04.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Akademiske bøker
Fleire forskarar forskar godt.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567