– Saman gjer vi eit miljøløft


Frå og med i dag får alle tilsette ved UiS eit tilbod om å ta i bruk HjemJobbHjem-billetten som legg til rette for at fleire kan reise kollektivt til jobb.

Alle UiS-tilsette som har gitt informasjon om mobilnummeret sitt, vil i dag få ein sms med tilgang til ein app som gjev dei ein månadsbillett til 500 kroner for buss og tog i heile Rogaland, samt tilbod på reise med båt og ei ordning med el-sykkel.

Slik tek du i bruk HjemJobbHjem-billetten

I september 2016 signerte UiS og HjemJobbHjem (HJH) ei avtale som blant anna gjev eit godt tilbod på kollektivreising. Føremålet med avtala er å få fleire til å gå, sykle eller reise kollektivt til jobb.

Før avtala kunne takast i bruk måtte tilsette svare på ei reisevaneundersøking.

– No har vi fått ein tilfredsstillande svarprosent på reisevaneundersøkinga. Frå og med i dag kan avtala tre i kraft, seier UiS sin kontaktperson i HJH, Harald Kleven.

Vil inspirere

Eit av måla med HJH-avtala er å få ned bilandelen på UiS med 20 prosent.

– Dette er starten på eit felles miljøløft ved UiS, seier universitetsdirektør John B. Møst.

– Saman med HJH skal vi halda fram med å inspirere tilsette til å endre reisevanane sine, mellom anna ved at vi legg endå betre til rette for dei som vil ta buss og dei som vil sykle til arbeidsplassen sin, seier Møst.

Direktøren er glad for at fylke og kommunane i distriktet har teke eit slikt konkret og nyttig initiativ gjennom HJH.

– Vi skal gjere det vi kan for å realisere det, seier Møst og legg til:

– Kjekt er det også at det gjev betre parkeringstilhøve og at dette er eit tiltak som vil vere med på å forbetre dei tilsette si helse.

Kjempeinnsats

Harald Kleven i HJH har saman med prosjektdirektør Arnljot Corneliussen ved UiS samarbeidd med eit tjuetals tilsette om å få ut informasjonen om HJH-avtala.

– Eg har møtt mange engasjerte menneskjer på UiS. Fleire har gått føre og vist korleis ein kan endre reisevanane sine, og mange av dei har jobba godt for å oppmoda kollegaene sine om å svare på reisevaneundersøkinga, seier Harald Kleven som har vore rundt på ei rekke avdelingar og institutt i organisasjonen. 

– Det er takka vere ein kjempeinnsats frå desse kontaktpersonane i avdelingane som har gjort at vi har fått ein tilfredsstillande svarprosent. No kan vi altså seie at vi har nådd 75 prosent i svar, seier Kleven.

Bakgrunnen for det heile er regjeringas nullvekstmål og målsetting om at ein i storbyane må auke persontransporten med kollektivtransport, sykkel og gonge.

– Miljøsaka står sterkt på UiS. Det har vore kjekt å møte engasjerte tilsette, seier Kleven som no er glad for å kunne gje tilbodet breitt ut til alle tilsette frå og med i dag.

HJH er eit samarbeidsprosjekt mellom Kolumbus, Bysykkelen og Sykkelløftet, Statens vegvesen og kommunane Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg og Rogaland fylkeskommune. 

Les om UiS-tilsette sine reisevaner til UiS:

Det enklaste er sykkel
– Betre busstilbod enn mange er klar over
Endra livsstil med el-sykkel
Med sykkelen under armen

Hjelp til å kome i gong:

Dersom du ikkje har fått sms, kan du ta kontakt med Arnljot Corneliussen på e-post: arnljot.corneliussen@uis.no. Han kan også nås på telefon: 51 83 27 11.

Slik tek du i bruk HjemJobbHjem-billetten.

Du kan også ta kontakt direkte med HJHs kundeservice: kundeservice@hjemjobbhjem.no.

Les tidligare artiklar på ansattsidene:

Reis billig eller hjelp kolleger å reise billig
Nå blir det lettere å la bilen stå hjemme!

Tekst og foto: Karen Anne Okstad


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (01.02.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Gjeng med miljø-engasjerte ansatte på bussopp
Universitetsdirektør John B. Møst, Harald Kleven i HjemJobbHjem og prosjektdirektør Arnljot Corneliussen ved UiS, har fått med seg engasjerte tilsette som har jobba for at alle UiS-tilsette skulle kunne ta i bruk HJH-billetten, som i dag blir gjort tilgjengeleg for dei som har opplyst om mobiltelefonnummer.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567