Canvas vil erstatte itslearning


Uninett har vald Canvas som eit nytt læringsstøttesystem for sektoren. Det vil gje tilsette og studentar ved UiS fleire moglegheiter innan undervising og læring.

Det statlege selskapet Uninett har i samarbeid med 20 universitet og høgskular forhandla fram ei gunstig avtale med Canvas, som tilbyr eit nytt læringsstøttesystem.

UiS bruker i dag itslearning som læringsstøttesystem. No må UiS sine 11 000 studentar og om lag 1000 UiS-tilsette belage seg på å ta i bruk eit nytt læringsstøttesystemet i løpet av 2017. 

Omfattande prosess

– Læringsstøttesystema har utvikla seg mykje dei seinare åra. Derfor er det gode grunnar til at Uninett på vegne av sektoren, har teke ein internasjonal anbodsrunde om kva læringsstøttesystem som er best egna for å møte dei behova sektoren har, forklarer universitetsdirektøren ved UiS, John B. Møst.

Han påpeiker at det har blitt gjort eit grundig arbeid i et nasjonalt samarbeidprosjekt for å velje ut eit nytt system. Ei rekkje aktørar og tilbod har vorte handsama.

– Dette har vore ein omfattande prosess som også Uniped og IT-avdelinga ved UiS har vore involverte i, saman med dei fleste andre i universitets- og høgskulesektoren.

– Det er naturleg for oss å følgje tilrådinga frå Uninett. Å halde fram med itslearning er ikkje eit alternativ. Det vil vere svært vanskeleg å bruke eit system som ikkje resten av sektoren brukar, seier Møst, og legg til:

– Det er også viktig at vi med dette valet kjem ut mykje rimelegare med tanke på kostnadane.

Han er no i gang med å informere leiing, dekanar, fagorganisasjonar, tilsette og studentorganisasjonen StOr om at UiS – til liks med dei fleste andre i sektoren – legg opp til å innføre læringsstøttesystemet Canvas. 

Brukarvenleg og moderne

Eit av hovudargumenta for å gå for Canvas er at det er svært brukarvenleg, samstundes som det gjev ei rekke nye moglegheiter for tilsette og studentar når det gjeld undervisning og læring.

– Systemet har fleire funksjonar og vil vere ei vesentleg betre støtte for nye og moderne undervisingsformar som til dømes studentaktiv læring, bruk av video og fagfelle-vurderingar, seier prosjekteigar Kjetil Dalseth, som er tenestekoordinator i IT-avdelinga.

Han trekk også fram at det finst ein rekke nyttige appar for både førelesarar og studentar, samt Rubriks – som er eit verktøy for vurdering av semesteroppgåver, essays og andre innleveringar.

Dalseth påpeiker også at Canvas er lett å integrere med andre programvare, som til dømes Mediasite og Office 365.

Innføring og opplæring

– No handlar det mykje om korleis vi på best mogleg måte kan innføre det nye systemet til beste for undervising og læring, og på ein slik måte at behova til dei tilsette og studentane kjem i førarsetet, seier førsteamanuensis Vegard Moen, leiar av Uniped ved UiS og formelt systemeigar for UiS sitt læringsstøttesystem.

– Opplæringa skal gå føre seg på fleire plan, blant anna finst det opplæringsvideoar og hjelpesider på nett. Vi kjem også til å halde kurs og workshops og vise fram gode eksempel på kva moglegheiter det nye systemet gjev, seier Moen.

Han påpeiker at vi ikkje er åleine i denne prosessen.

– Denne innføringa vil gå føre seg på mange institusjonar i UH-sektoren samstundes. Vi samarbeider allereie tett på dette området, seier Moen.

Tekst: Karen Anne Okstad


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (27.01.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Skjermbilde av forsiden - Canvas
Slik ser forsida til Canvas ut no. Dette vil få litt UiS-design før det kan tas i bruk av tilsette og studentar ved UiS.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567