13 vil bli universitetsdirektør ved UiS


6 kvinner og 7 menn ønskjer å bli universitetsdirektør ved Universitetet i Stavanger. Ny universitetsdirektør tiltrer 1. august 2017.

Universitetet i Stavanger søkjer etter universitetsdirektør for ein periode på to år. Kven som blir ny direktør, blir etter planen vedteke i universitetsstyret 9. mars.

Det er 13 søkjarar til stillinga. Åtte av søkjarane er unntatt offentlegheit.

På lista over søkjarar finn vi Gyrid Garshol (52), tidlegare direktør ved Kunsthøgskulen i Oslo, Holger Ekanger (53), direktør ved Macomb Community College i Mitchigan, Sigrid McEntire (46), avdelingsdirektør i Barne-, ungdoms- og familieetaten, Thorbjørn Gaarder (61), kredittsjef i Dominion Bank, Arnljot Corneliussen (63), prosjektdirektør ved UiS og einaste interne søkjar av dei som ikkje er unntatt frå offentlegheita.

Ny leiingsmodell

Frå august 2019 går universitetet over til ny leiingsmodell med tilsett rektor.  Fram til då er vald rektor og universitetsdirektør øvste leiinga av institusjonen.

Universitetsdirektøren leier den samla administrative verksemda. Han eller ho er sekretær for universitetsstyret og skal, etter samråd med rektor, forberede og gje tilråding i saker som leggast fram for styret.

Det er styret som skal tilsette universitetsdirektør etter innstilling frå eit utval samansett av rektor Marit Boyesen, dekan Elaine Munthe, konsernsjef Eimund Nygaard, førstelektor Åge Hultgren, rådgjevar Ragnhild Scheen og student Magne Bartlett. 

Tekst: Karen Anne Okstad


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (23.01.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
John B. Møst
Trer av. Frå 1. august 2017 vil noverande universitetsdirektør John B. Møst nyte pensjonstilværet.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567