Film frå hedningeland på NRK 2 i kveld


I kveld kl. 20.55 visast dokumentarfilmen «Film fra hedningeland» av UiS-tilsette Hallgeir Skretting på NRK 2.

Film og kino var stor synd i enkelte miljø på 50- og 60-talet. Misjonsfilmar som skulle visast på bedehus vart difor annonsert som levande lysbiletar. Kva var det kulturhistoriske fenomenet misjonsfilm?

Dokumentarfilmskapar Hallgeir Skretting har utforska misjonen før og no: Han har fylgt Signy Halsne (93) og Astrid Eike (80) på Finnøy og deira arbeid med den årlege basaren. Vi får også sjå arkivopptak frå misjonsfilmen om gjetarguten Koto i ein landsby på Madagaskar som ikkje fekk gå på skulen.

Les meir om filmen på våre eksterne nettsider: Misjon på film


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (13.09.2016)

Skriv ut artikkel print symbol
Hallgeir Skretting
FØR DET ER BORTE: Filmskapar Hallgeir Skretting skildrar i denne dokumentaren misjonsarbeidet – heime og i utlandet. Eit arbeid og ein kultur som er i ferd med å forsvinne.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567