StatoilHydro med i finansstiftelse


StatoilHydro støttar opp om satsinga på eit tungt finansmiljø ved Universitetet i Stavanger. Med ei gåve på 7,5 millionar fordelt over fem år, går selskapet no inn som ein av stiftarane i Stiftelsen for Anvendt Finans ved UiS (SAFI).

– Vi vil støtte opp om denne satsinga både for å styrke det finansfaglege miljøet ved universitetet og for å styrke finansmiljøet i regionen, seier direktør innanfor Specialised Financial Services i StatoilHydro Egil Steinberg.

- Vi ønskjer å bidra gjennom ein tettare fagleg dialog med UiS. Samarbeid om mastergradsoppgåver og moglege gjesteførelesningar er viktige element i denne dialogen. I tillegg er framtidig rekruttering viktig for StatoilHydro, seier han.

Det var i fjor haust at finansnæringa i Stavanger-regionen gjekk saman om å byggje opp eit tungt finansmiljø ved UiS, eit samarbeid som har resultert i stiftelsen SAFI. SKAGEN Fondene, Sparebank 1 SR-Bank, HitecVision Private Equity, Sandnes Sparebank og GE Money Bank gav då 20 millionar kroner til utvikling av unike studie i anvendt finans og forsking ved UiS. Sjølv set UiS inn like store ressursar i samarbeidet over ein femårsperiode.

StatoilHydro blir no ein av stiftarane i SAFI med same økonomiske bidrag som SKAGEN Fondene og Sparebak 1 SR-bank. I stiftelsen sit representantar frå UiS og næringslivet som saman skal styre kva pengane skal gå til.

Styrka studie
Ein del av satsinga skal gå til utvikling av fordjupinga i anvendt finans på masterstudiet i økonomi og administrasjon. Tilbodet startar opp i haust.

Spesialiseringa kombinerer fagområda finans og jus og fokuserer på anvendte finansielle problemstillingar som næringslivet er oppteken av. Representantar frå næringslivet vil mellom anna bidra med førelesingar og nye lærekrefter blir tilsatt ved UiS.

Instituttleiar Bjarte Ravndal ved Norsk hotellhøgskole - Institutt for økonomi og leiing ved UiS, er svært glad for at StatoilHydro no blir med i satsinga.

– Selskapet er ein av dei største aktørane innanfor kapitalforvaltning i Noreg og i regionen og dei operer på mange marknader. Så vi synest det er veldig spennande at dei vil vere med på satsinga, seier Ravndal.

– StatoilHydro er dessutan ein ettertrakta arbeidsgivar for studentar som utdannar seg til siviløkonomar. Eit tett samarbeid med næringslivet vil både styrke studiet og lette rekrutteringa til bransjen, seier han.

Takksam rektor
Rektor Aslaug Mikkelsen ved UiS er også svært takksam for milliongåva frå StatoilHydro og den store vilja til satsing frå næringslivet.

– Det er gledeleg at store aktørar i næringslivet ønskjer å vere med i bygginga av noko som er så unikt for regionen og for UiS. Finansmiljøet vårt vil kunne vakse seg endå større og sterkare gjennom dei mange moglegheitene slike gåver gir. Langsiktige avtalar som dette gjer arbeidet meir føreseieleg, seier Mikkelsen.

Les også:

20 millioner til UiS fra finansnæringen (09.08.07)
Anvendt finans i fokus (15.10.07)


Sist oppdatert av Silje Stangeland (23.06.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Egil Steinberg, direktør innanfor Specialised Financial Services i StatoilHydro (Foto: Harald Pettersen, StatoilHydro)
– Vi vil vere med på satsinga både for å styrke det finansfaglege miljøet ved universitetet og for å styrke finansmiljøet i regionen, seier direktør innanfor Specialised Financial Services i StatoilHydro Egil Steinberg. (Foto: Harald Pettersen, StatoilHydro)
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567