Ei veke til innovasjon


Impact Week er ein innovasjonsfestival som blir halden frå 22. til 28.februar. Desse dagane kan du få med deg ulike foredrag, workshops og sosiale arrangement ulike stader i Stavanger-regionen.

Meininga med Impact Week er at ulike fagmiljø skal kome saman og skape nye idear som kan gje vekst i regionen. Ei heil veke er sett av til å vise korleis innovasjon kan løfte bedrifter inn i framtida. 

Suksesshistoriene i Stavanger-regionen er mange. Desse historiene, og tankane som starta dei, er noko av det som blir vist fram under Impact Week. 

Smart by
Som ein del av innovasjonsveka vil det 23. februar bli arrangert eit seminar med fagleg innhald og tidsaktuelle debattar om Smart City i Stavanger-regionen.

Stavanger er nemleg eit fyrtårn for Europas smarte byar. Saman med Manchester og Eindhoven deltek Stavanger i eit stort EU-prosjekt – Triangulum. Her er Universitetet i Stavanger ein av partnarane. Saman skal desse byane utvikle innovative løysingar som skal bidra til å løyse utfordringar i samfunnet og skape smartare byar.

Les om heile Impact Week-programmet

Greater Stavanger er initiativtaker til Impact Week. Universitetet i Stavanger er ein av fleire medarrangørar.
 

 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (10.02.2016)

Skriv ut artikkel print symbol
Logo Impact Week
Universitetet i Stavanger er ein av fleire arrangørar som står bak Impact Week, som er eit initiativ frå Greater Stavanger.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567