UiS scorar greitt i viktig undersøking


Alt i alt er UiS-studentane nøgde, til liks med studentane elles i landet. Det viser den årlege nasjonale studentundersøkinga som kartlegg studentane si oppleving av studiet dei høyrer til.

UiS scorar likt landsgjennomsnittet når det gjeld kor nøgde dei er alt i alt med studiet dei går på. På ein skala frå 1–5 kor 5 er topp, svarer studentane 4,1.

Det viser Studiebarometeret.no – nettstaden som viser studentane sine oppfatningar om studiekvalitet i studieprogramma ved norske høgskolar og universitet.

– Det er godt å vete at studentane våre alt i alt er nøgde med det studieprogrammet dei tek her ved UiS. Vi strevar sjølvsagt for endå betre score. At studentane våre blir utfordra, lærer og samtidig trivst med faga dei studerer, er ei av våre viktigaste oppgåver å skjøtte, seier prorektor Dag Husebø og legg til:  

– Éin misfornøgd student er ein misfornøgd student for mykje.

Nøgde med yrkesrelevansen
Undersøkinga måler kva studentane meiner om blant anna undervising og rettleiing, om studie- og læringsmiljø, medverknad, engasjement og samanheng, relevans for arbeidslivet og eigen læringsutbytte.

Den generelle dommen frå studentane på landsbasis er at dei er mest nøgde med arbeidslivsrelevansen på studiet sitt, og minst nøgde med medverknad og undervisning og rettleiing.

Til liks med landsgjennomsnittet er UiS-studentane mest nøgde med yrkesrelevans, medan tala for UiS viser at studentane her er meir nøgde enn elles i landet når det gjeld medverknad.

Ser vi på kva UiS-studentane er mest og minst nøgde med, viser undersøkinga at dei er mest nøgde med engasjementet og i mindre grad nøgde med praksisdelar som inngår i nokre av studieprogramma.

Grunnskolelærarutdanning fram
Eitt studieprogram ved UiS har utmerka seg med særleg positiv framgang frå i fjor, og det er grunnskolelærarutdanninga, trinn 5.–10. Her ligg studentane si heilheitsvurdering på ein score på 4,4 medan landsgjennomsnittet er på 3,8.

Også UiS si grunnskolelærarutdanning, trinn 1.–7, har studentar som er meir nøgde enn landsgjennomsnittet.

Tilbakemelding og rettleiing utgjer den viktigaste forskjellen
Det som viser seg som aller viktigast for studentane for i kva grad dei trivst alt i alt med studiet sitt, er om dei opplever at studieprogrammet er engasjerande og utfordrande.

Men den faktoren som i størst grad skil utdanningane med nøgde studentar frå utdanningane som har misfornøgde studentar, er om dei får tilfredsstillande tilbakemeldingar og rettleiing frå faglærarane sine.

– Det er spesielt på desse områda vi må forsøke å forbetra oss dersom vi ønskjer høgare score på studentane si overordna vurdering av studieprogramma dei går på, seier Dag Husebø.

Prorektoren er i gang med å analysere data frå undersøkinga og sjå på kva UiS kan gjere for at studentane skal bli mest mogleg nøgde med faget dei studerer.

Vil auka svarprosenten
Nasjonalt er svarprosenten på 47, medan det berre er 32 prosent av studentane ved UiS som har svara. Likevel har svarprosenten ved UiS auka samanlikna med fjoråret.

– Vi er på rett veg. Men det er verdt å ta med seg at studiebarometeret er eit styringsverktøy som blir mykje kraftigare og meir presist dersom svarprosenten er høg, seier Husebø som gjerne skulle sett at fleire studentar tok seg tid til å svare på undersøkinga.

– Leiinga ved UiS har oppmoda fagmiljøa til å setje av tid i undervisninga for at flest mogleg av studentane skulle svare på denne spørjeundersøkinga. No må vi sjå vidare på kva tiltak vi skal gjere for å få opp svarprosenten, seier Husebø.

Eit viktig instrument
Husebø påpeiker at undersøkinga, som NOKUT står bak, gjev UiS-studentane ei viktig stemme i institusjonen sitt arbeid med å betre studiekvaliteten. Han meiner dette er eit særs viktig verktøy for UiS.

– Vi jobbar kontinuerleg med kvalitetsarbeid for å sikre studentane si læringsutbytte og utvikling. Å få kjennskap til studentane si oppfatning av studiekvalitet er avgjerande for at vi skal kunne gjere kloke grep. No skal Utdanningsutvalet og Læringsmiljøutvalet analysere og vurdere alle data, også fakulteta blir bedne om å gå gjennom tala nøye. Saman skal vi arbeide vidare med å styrkje studiekvaliteten ved UiS, seier Husebø.

Tekst: Karen Anne Okstad


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (03.02.2016)

Skriv ut artikkel print symbol
Studentar ved UiS
ENGASJERANDE OG UTFORDRANDE: At studieprogrammet er engasjerande og utfordrande er den faktoren som er viktigast når UiS-studentene skal vurdere kor nøgde dei er med studietilbodet. På dei to neste plassane kjem studiets læringsutbytte og studieprogrammets yrkesrelevans.
Portrett av prorektor ved UiS, Dag Husebø
Prorektor Dag Husebø er i gang med å analysere data frå NOKUTs studentundersøking for å sjå på kva UiS kan gjere for at studentane skal bli mest mogleg nøgde med faget dei studerer.
AD-HOC TELEFON FOR AV-HENVENDELSER

IT-avdelingen har opprettet en egen ad-hoc telefon for AV-henvendelser. Telefonen er til bruk når en trenger rask hjelp til å løse AV-problemer i en undervisningssituasjon, på møter og andre arrangement. Tjenesten gjelder Ullandhaug, innen vanlig arbeidstid.

Tlf.nr. er (518) 34567