Ikkje snakk om oppseiingar


God vekst gjer at UiS klarer omorganiseringa av administrasjon utan oppseiingar. Dei som vert omplasserte, skal i størst mogleg grad flytte dit dei sjølv ynskjer.

Styret har vedteke at tre fakultet og eit museum slik vi har i dag, vert til seks fakultet og eit museum (frå august 2017), og ny leiarmodell med tilsett rektor kjem frå august 2019. I forlenginga av desse endringane har styret vedteke ein gjennomgang av administrativ struktur.

Fleire oppgåver, like mange folk
Omorganiseringa skal gjere administrasjonen over heile universitetet meir effektiv. Universitetsdirektør John B. Møst understrekar at det ikkje er snakk om oppseiingar, men at nokre kan bli omplassert anten med nye oppgåver og ny leiar.

- Omplasseringa kan skje horisontalt eller vertikalt, som betyr at nokre administrativt tilsette kan bli flytta både mellom einingar og fakultet, forklarar Møst.

Kunnskapsdepartementet stiller krav til administrativ effektivisering. Ettersom universitetet er i vekst, kan ein møte desse krava med den staben UiS har.
- Vi skal løyse fleire oppgåver, men med dei same folka. I nauda kan det vera at nokre som sluttar naturleg ikkje vert erstatta, seier Møst.

Meir samhandling
Han syner til at det mellom anna er mykje å hente på meir samarvirke på tvers av einingane.
- Det har utvikla seg ulike kulturar for korleis ein praktiserer lovar og reglar. Det ynskjer me å stramme inn. I tillegg må vi sjå til at likearta oppgåver vert dekka opp av andre ved eventuell sjukdom eller vakante stillingar, seier han.

Vertikalt samarbeid, til dømes mellom institutt og fakultet kan og bli betre.
- Samhandlinga mellom nivå er ikkje så god som den bør vere. Nokre saker vert handsama fleire gonger, når det kunne vore nok med ein gong, seier han.

Endringar i fleire steg
Undervegsrapportar vil vere ferdige i januar 2017, dei skal danne grunnlaget for drøfting i styret i februar, samt vere grunnlag for oppfølging ute i organisasjonen.

- Dei dokumenta vert gjort tilgjengelege for kommentarar. Dei tilsette sine organisasjonar orienterte i heile prosessen, seier Møst.

Han syner til at etter kvart som endringane krystalliserer seg, vil det verte inngått ein omstillingsavtale med fagorganisasjonane, og heile prosessen med eventuell om flytting av folk vil gå etter denne avtalen.

- I ein slik prosess vil vi la folk halde fram i jobben sin, om det ikkje vert endringar i den. Viss jobben vert endra, vert det så langt som råd er teke omsyn til ynskje frå arbeidstakar, seier Møst.

I tillegg vert det minst to allmøte undervegs i prosessen. I juni neste år får styret saka til handsaming, og i løpet av hausten 2017 skal endringane implementerast.

Fleire endringar
Parallelt med OU administrasjon-prosessen, er det prosessar i alle sju einingane på fakultetsnivå knytt til struktur og leiing, og til det å gi innspel til administrasjonsprosessen.

Det er og ein prosess rundt budsjettmodellen, kor ein vurderer budsjettet som strategisk reiskap og reiskap for å fjerne skott som er grodd opp mellom einingane, for å gjere det enklare å samarbeide.

- I samband med at universitetet får tilsett rektor i 2019 vil det i forkant bli køyrd ein prosess for å tilpasse fellesadministrasjonen til den nye leiarmodellen, seier Møst.

I studieåret 2017/2018 kjem ein prosess med mål om å omstille det administrative støtteapparatet.
- Då må me sjå på drift, IT, bibliotek, Evu og NettOp. Målet er eit best mogleg tilbod til studentane, til dømes ved oppretting av eit lærestøttesenter. Heller ikkje denne prosessen vil føre til oppseiingar. Også her er målet at administrasjonen ikkje skal vekse, men haldast stabil eller reduserast gjennom naturleg avgang, seier Møst.


Les meir

Prosjektgruppens sluttrapport

Framdriftsplan administrativ organisering

Styresaker om administrativ organisering

Vedlegg styresak 52: «Prosjektgruppens sluttrapport»


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (07.12.2016)

Skriv ut artikkel print symbol
Illustrasjonsfoto campus
Masterplan

Masterplanen synliggjør status for de ulike delprosjektene i OU-prosessen.

Status pr 17.11.2017

Status pr 6.10.2017

Status pr 1.10.2017