– Forskar Grand Prix var ei unik oppleving!


– Forskar Grand Prix var ei oppleving utanom det vanlege, seier to som har delteke på formidlingskonkurransen i forsking som kvart år blir arrangert under Forskingsdagane i september. No kan ph.d.-kandidatar i Stavanger søke om å få delta i 2018.

Forskar Grand Prix er ein morosam, spanande og lærerik konkurranse i forskingsformidling for doktorgradskandidatar. Fleire byar arrangerer finalar og dei beste møtast i den nasjonale finalen som i år går av stabelen i Tromsø 29. september.

Her i Stavanger kan doktorgradskandidatar frå dei fire institusjonane – Universitetet i Stavanger, Stavanger Universitetssjukehus, NORCE Stavanger og VID Vitskaplege høgskule – søke om å få vere med på arrgangementet som skal skje tysdag 25. september i Folken. 

Les meir om Forskar Grand Prix og deltaking i årets arrangement. 

To som deltok i 2014 og 2015 var Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim (UiS) og Kari Einarsen (IRIS) – begge var då doktorgradskandidatar ved Handelshøgskulen ved UiS. I dag er dei begge travle forskarar, attraktive foredragshaldarar og formidlarar. Dei kan sjå tilbake på ei særs lærerik og annleis oppleving.

Stort utbytte

Solheim som i dag er postdoktor ved Handelshøgskulen ved UiS, deltok i Forskar Grand Prix i 2014 med ein presentasjon om korleis mangfald kan bidra til meir innovasjon. Ho er i dag ein engasjert forskar som ikkje kvir seg for å delta i samfunnsdebatten, ikkje minst gjennom kronikkar i dagspressa. 

Ho har sidan 2014 snakka mykje om mangfalg og innovasjon, blant anna på Fylkesårsmøte til Venstre og nyleg på Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO) sin konferanse om migrasjon for næringslivet. Ho er invitert mellom anna til Mangfaldskonferansen til Seema og Kommunenes sentralforbund (KS)-konferansen i kommande månad.

Solheim ser attende på deltakinga med glede og takksemd.

– Dette er noko som eg har hatt stort utbytte av i ettertid. Særleg dette med å fortelje ei historie, og styrke trua på det ein gjer – og at ein til og med kan tenkje og gjere ting som er litt «ut av den akademiske malen», forklarer postdoktoren.

Spisse bodskapet utan å miste meining

Den viktigaste erfaringa dei ti kandidatane får, er eit treningsopplegg med tanke på presentasjonsteknikk og kommunikasjonsferdigheiter samt at dei lærer korleis ein fortel ei god historie.

– Vi fekk god rettleiing og vart tatt godt hand om av den dyktige teaterinstruktøren Aud Berggraf Sæbø som hjelpte oss til å forenkle og spisse bodskapen utan at den mista meiningsinnhald, fortel Solheim som søkte deltaking fordi ho ville prøve noko nytt, og fordi ho tenkte at det ville verte ei artig oppleving. 

Godt for sjølvtilliten

Kari Einarsen som i dag er tilsett som forskar ved IRIS, no NORCE, vart oppmoda av ein kollega (Marte!) om å delta på Forskar Grand Prix. Ho angrar ikkje.

– Det var ei veldig positiv oppleving å vere med på. Eg fekk krystallisert for meg sjølv kva eg eigentleg dreiv på med ettersom eg måtte jobbe meg så effektivt ned i materien, forklarer ho. 

Einarsen vant den lokale finalen og var med blant dei ni nasjonale finalistane i Trondheim.

– Det var godt for sjølvtilliten, seier Einarsen.

Meir bevisst ord- og biletbruk

– Forskar Grand Prix-deltakinga har vore veldig grei å ha på CV-en. Då eg søkte jobb på IRIS la eg inn lenka til NRK Kunnskapskanalen si visning av arrangementet. Dimed kunne arbeidsgjevarar sjå at eg er trygg på det å formidle forskinga mi til eit breitt publikum – noko som er viktig for alle forskarar, påpeiker Einarsen.

Ho trekk også fram at ho har vorte tryggare i det å gå utanfor den akademiske boksen.

– Eg vart meir bevisst orda og slidesane eg brukar når eg presenterer, forklarer ho.

Begge meiner dei jobbar meir bevisst visuelt med presentasjonane sine etter formidlingskonkurransen.

– Det handlar om å få fram eit bodskap, og det lærer ein mykja av ved å delta på Forskar Grand Prix, påpeiker Solheim.

Lettare å skrive «kappen»

Nyleg disputerte Einarsen og stod med glans. Nokre dagar etter heldt ho eit innlegg på stavangerordførarens 8. mars-markering. Men deltakinga i Forskar Grand Prix har ikkje berre gitt ho tryggleik i formidlingssituasjonen, det betydde også noko for korleis ho skreiv sjølve avhandlinga.

– Ei avhandling er jo veldig detaljert. Ein må av og til spørje seg: Kva er det eg eigentleg driv på med? Då er det nyttig med eit perspektiv utanfrå. Kva er kjernen i det eg skriv om? Eg fekk betre oversikt. Forskar Grand Prix-arbeidet hjelpte meg faktisk då eg skulle skrive «kappen», seier Einarsen – og tenkjer på den teksten som skal knytte enkeltartiklane saman til ei heilskapleg avhandling.

Begge forskarane trekker også fram samlingane som gode opplevingar. Dei møtte andre forskarar på andre fagområde, som i ettertid har gitt dei eit utvida nettverk.

Tekst og foto: Karen Anne Okstad

Les meir om Forskar Grand Prix og deltaking i årets arrangement. 

Søk deltaking i Forskar Grand Prix 2018.

 

 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (08.03.2018)

Skriv ut artikkel print symbol
Kari Einarsen og Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim
– Den tida som ein investerer i dette, betaler seg tilbake i form av alt det du vinn på å vere med, seier Kari Einarsen og Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim som begge har delteke på Forskar Grand Prix.
Styrer og råd ved HV

Følg med på: