Ny bok om implementering


Gode tiltak er lite verdt om ein ikkje veit korleis ein skal omsette og innføre dei i organisasjonen. Til no har det mangla samanfattande norsk litteratur om implementering som tema.

Endringsarbeid skjer i tre fasar: initiering, implementering og videreføring. Implementering er prosessen kor teoriar, aktivitetar og strukturar vert tilpassa, konkretisert og innført til praksisfeltet. I implementeringsfasen handlar det om å sette i verk tiltak for endring.

Temaet implementering har dei siste åra fått meir merksemd, mykje grunna behovet for å sjå på korleis individ og organisasjonar omformar, lærer og innfører ulike endringar.

«Kva» og «korleis» er like viktig
I ulike typar endringsarbeid har «kva» som må gjerast (intervensjonen) fått mykje merksemd, medan det har vore mindre snakk om «korleis» det skal gjerast (implementering). Begge delar må ha like stort fokus, om ein ønsker å oppnå endringar individuelt eller i organisasjonar.

- I skulen ser vi at lærarar som regel har teoretisk kunnskap om «kva» som kjenneteiknar ein god klasseleiar og «kva» som må til for å etablere god kommunikasjon med alle foreldre. Like viktig er kunnskapen om «korleis» denne teorien kan bli omset til praksis, seier , eit forskingsprosjekt støtta av Forskningsrådet, som mellom anna ser på korleis lærarar omset teori om klasseleiing til klasseromspraksis.

Tekst: Karoline Reilstad

Referanse:
Roland, P. & Westergård, E (red) (2015) Implementering: Omsetting av teorier, aktiviteter og strukturer i praksis. Oslo: Universitetsforlaget


Sist oppdatert av Marit Oddvarsdotter Øvregård (16.05.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Elsa Westergård og Pål Roland
Elsa Westergård og Pål Roland er redaktørar for boka "Implementering: Omsetting av teorier, aktiviteter og strukturer i praksis."