Grand-prix-jubel for UiS-kandidatar


Jubelen sto i taket i Folken då doktorgradskandidatane Kari Einarsen og Valeri Aristide Razafimanantsoa ved UiS sikra seg finaleplassen i den nasjonale Forskar grand prix. Einarsen kom på førsteplass med si formidling av korleis organisasjonar kan førebyggje og handsama mobbing.

Med eit engasjerande innlegg om kva som skal til for å motverka mobbing på arbeidsplassen tok Kari Einarsen frå Handelshøgskolen ved UiS publikum med storm og sikra seg billett til finalen i Trondheim. På ein god andreplass kom Valeri Aristide Razafimanantsoa frå Institutt for matematikk og naturvitskap ved UiS. Hans presentasjonar om korleis reinske avfallsvatn imponerte både dommarpanel og publikum i salen. Også han sikra seg billett til finalen i Trondheim 26. september. 

Einarsen og Razafimanantsoa fekk 
hard konkurranse av andre doktorgradskandidatar frå Universitetet i Stavanger, Stavanger universitetssjukehus og Høskolen Stord/Haugesund.

Toppkarakterar
Rundt 130 publikummarar fekk i går med seg ei flott feiring av forskinga på Folken i går. Då vart formidlingskonkurransen Forskar grand prix arrangerter. Åtte ph.d.-kandidatar fekk i første omgang fire minuttar på seg til å formidla forskinga si på ein engasjerande måte. Fire kandidatar vart stemt fram til ein runde nummer to. Då fekk dei 6 minuttar til å utdype forskinga si. 

Dette klarte altså Kari Einarsen best. Ho vant på glimrande vis med si formidling av korleis organisasjonar kan jobbe på ein god måte med å førebyggje og handsama varsla mobbesakar. Dommarane ga toppkarakterar og publikum jubla. 

Ny og betre teknologi
Valeri Aristide Razafimanantsoa fekk altså andreplassen. Hans presentasjon om korleis ein kunne reinse avfallsvatn på ein meir effektiv og billigare måte, begeistra dommarpanelet. Razafimanantsoa forskar på ein ny type filter som kan revolusjonere reinseteknologien. Dette presenterte han på beste vis.

I dommarpanelen sat blant anna Nina Kristiansen frå Forskning.no. Hennar viktigste kriterie når ho skal dømme i Forskar grand prix er at ho forstår det som blir sagt. 

I dommarpanelet sat også Bjørn Ravn Carlsen frå barne- og ungdomsteateret og Martha Ulvund, professor emeritus ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Dommarane var strenge og konsekvente i si dømming. 

Les meir om kandidatane og Forsker grand prix 2015


Sist oppdatert av Benedicte Pentz (08.09.2016)

Skriv ut artikkel print symbol