Bli grunnskulelærar på deltid


Som Noregs første universitet, tilbyr UiS studentar å ta grunnskulelærerutdanninga 1.-7. trinn på deltid til hausten.

– Vi er veldige glade for at vi no kan tilby dette studiet som vi har jobba lenge for å få på plass, seier instituttleiar Elin Marie Thuen ved Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk (IGIS).

Hausten 2015 startar det nemleg eit heilt nytt fagtilbod ved Universitetet i Stavanger (UiS). Då får studentar over heile landet moglegheit til å følgje  ved UiS. Studiet er fordelt over 5 eller 6 år, avhengig av korleis ein ynskjer å leggje opp siste studieåret, og avhengig av om ein vil ha fireårig eller femårig grunnskulelærerutdanning.

For få søkjarar
Studentane vert utdanna til grunnskulelærarar med spesialkunnskap i å arbeide med aldersgruppa 5 til 13 år. Det faglege innhaldet på studiet er det same som dei på fulltidsstudiet, berre at ein brukar litt lenger tid på å fullføre og at ein møter andre vurderingsmåtar og arbeidskrav enn heiltidsstudentane.

– Årsaka til at vi no vel å opne eit deltidsstudie for grunnskulelærarutdanninga 1.-7. trinn, er rett og slett at vi har hatt for få søkjarar på heiltidsstudiet. Samstundes opplever vi ein stor etterspørsel frå regionen som er avhengige av at UiS utdannar nok lærarar. Med dette studiet håpar vi å rekruttere ei anna studentgruppe. Dei studentane som kanskje bur lenger vekke, eller som ynskjer å kombinere jobb og studier, seier Thuen.

Undervisninga vil føregå på samlingar som vil finne stad 3 - 5 gonger på 3 dagar kvart semester, med digital støtte mellom og under samlingane.

– Vi har stort fokus på korleis vi kan utvikle og nytte digitale undervisningsformer i deltidsutdanninga. Her samarbeidar vi tett med NettOp, avdeling for utvikling av digitale læremidler, sier Thuen. 

Studere og arbeide
Thuen meiner at det nye deltidsstudiet passar perfekt for dei studentane som ynskjer å studere samstundes som dei arbeidar. Studiemodellen er lagt opp slik at studentane i løpet av fire år vil ta faga pedagogikk og elevkunnskap, norsk og matematikk, som er obligatoriske for 1-7. trinn, samt valfag engelsk og fordjupning i norsk. Studentane vil etter dei fire åra ha gjennomført 75 prosent av grunnskulelærarutdanninga. UiS samarbeider i tillegg med HSH, som vil tilby naturfag som valfag i eit desentralisert deltidstilbud.

– Resten av studiet er ikkje planlagt samlingsbasert, og må takast ved at ein går over til valfag i fjerde året av heiltidsløpet. Då er ein ferdig etter 5 eller 6 år, avhengig av om ein følgjer halv eller full studieprogresjon. Ein kan også å velje overgang til master i utdanningsvitskap på heiltid eller deltid, og aktuelle profiler er då spesialpedagogikk, pedagogikk eller norsk, fortel Thuen som legg til at det er karakterkrav for å kome inn på master.

Praksisplass i nærleiken
Sjølv om ein på studiet får val om å ta det meste på deltid, må praksisen fullførast på fulltid, men studentane kan velje å fordele dei til saman 16 vekene over 4 år og ikkje 3 år slik som heiltidsstudentane. UiS har i dag partnarskapsavtalar med nærare femti barne- og ungdomsskular i Rogaland.

Ifølgje Thuen vil fagmiljøet ved IGIS jobbe for å kunne tilby alle studentane på deltidsløpet ein praksisplass i nærleiken av deira bustad.

– Vi kan ikkje love noko, men vi vil prøve å tilretteleggje for dette, seier ho.

Same opptakskrav
Når studentane er ferdig, vil dei verte utdanna grunnskulelærarar som kan jobbe med undervisning frå 1.-7. trinn. Om dei i tillegg vel å ta mastergrad, vil dei få lektorstatus og lektorløn. Opptakskrava er dei same som på heiltidsstudiet.

Studentane som søkjer må ha generell studiekompetanse samt ein gjennomsnittskarakter på 3 eller betre i matematikk eller bestått matematikk på høgare nivå eller gjennomsnittskarakter 3 eller betre i studiekompetansefaget norsk og minst 35 skulepoeng. Det er også krav om politiattest og tuberkulosetest. 

Les om Ine som vil kombinere lærerutdanninga med jobb


Sist oppdatert av Maria Gilje Strand (18.11.2016)

Skriv ut artikkel print symbol
No kan du velje å ta grunnskolelærarutdanninga på deltid.
No kan du velje å ta grunnskolelærarutdanninga på deltid. Foto: Elisabeth Tønnessen.