– Stor skilnad i talet elevar


Denne veka har representantar frå Malawi vitja UiS for å lære meir om norske skular, og for å jobbe vidare med prosjektet med å utdanne matematikklærarutdannarar i det afrikanske landet.

– Den første store skilnaden eg la merke til var at det i ein klasse vi vitja kun var 13 elevar. I Malawi kan ein lærar ha ansvar for 88 elevar i snitt, seier dr. Mercy Kazima, som er prosjektleiar for Universitetet i Malawi.

Ho og prosjektmedlem Levis Eneya var i Stavanger denne veka saman med dei fire doktorgradsstipendiatane Lisnet Mwadzaangati, Dun Kasoka, Patrick Sawerengera og Florence Thomo. Dei har jobba vidare med prosjektet «Improving Quality and Capacity of Mathematics Teacher Education in Malawi», men har også fått tid til å vitje lokale skular for å lære meir om norske skular og korleis dei er bygd opp.

Utviklar masterkurs
Per i dag er det ikkje kapasitet ved Universitetet i Malawi til å førelese på masternivå, og svært få av lærarutdannarane har doktorgrad. I dette prosjektet skal det utviklast kurs i matematikkdidaktikk både på master- og doktorgradsnivå, der tilsette ved UiS vil undervise.

I tillegg vil fire tilsette ved Universitetet i Malawi ta si doktorgradsutdanning i matematikkdidaktikk, og få rettleiing av tilsette ved UiS. Desse fire vitja UiS denne veka saman med dr. Mercy Kazima og Levis Eneya frå Universitetet i Malawi.

Spennande møte
Stipendiatene fekk denne veka møte vegleiarane sine frå UiS og fekk også presentert oppgåvene sine. Dei fortel om eit spanande møte med det norske skulesystemet, som dei tykkjer har vore veldig lærerikt.

Dette opphaldet har hjelpt oss å forstå meir om norske skular og korleis undervisningen føregår her samanlikna med i Malawi. Stipendiatene har også fått vegleiing og fått presentert det dei har jobba med til no, seier ho.

Saman med Universitetet i Malawi søkte UiS Norad om 11,5 millionar kroner, og fekk tildelt 16,5 millionar gjennom NORHED-programmet til prosjektet.

Styrkje utdanninga
I 1994 vart det innført fri grunnskule for alle born i Malawi. På eit år auka talet elevar som gjekk på skule med 50 prosent, frå 1,9 millionar til 2,9 millionar. Eit tal som sidan då berre har auka. Dette har skapet eit enormt press på allereie avgrensa ressursar i landet, og gjort det nærast umogleg å få tak i nok kvalifiserte lærarar.

– Difor er dette prosjektet kome i gong for å styrkje utdanninga av matematikklærarar i Malawi både gjennom å bidra til auka kapasitet, men også gjennom forsking og ny kunnskap, fortel førsteamanuensis Arne Jakobsen ved Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk og prosjektansvarleg for UiS.

Betre kvalitet
Kapasiteten som vil verte bygd ut gjennom prosjektet, vil sørgje for ein betra kvalitet på matematikklærerutdanninga i Malawi etter at prosjektet er ferdig. Målet er at den auka akademiske kapasiteten vil gjere det mogleg for stipendiatane å overta kursa når dei er ferdige med sine doktorgradar.

Doktorgradsstipendiatane vil arbeide med problemstillingar knytt til forskingsdelen av prosjektet, og vil prøve å betre forstå kva typar kunnskap ein lærar i Malawi treng for å undervise i matematikk på ein måte som gjev gode lokale resultat blant elevane i Malawi.


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (16.02.2018)

Skriv ut artikkel print symbol
Arne Jakobsen og Dr. Mercy Kazima i forgrunn saman med prosjektmedlem Lewis og dei fire stipendiatane.
Arne Jakobsen og Dr. Mercy Kazima (i forgrunnen) saman med prosjektmedlem Levis Eneya (bakerst til venstre) og dei fire stipendiatane.