Vårprogram for Forum for historie, kultur og samfunn


Velkommen til fire spennande møter i Forum for historie, kultur og samfunn i vår. Først ut er professor Olav Hammer frå Syddansk universitet i Odense.

Om Hammer sitt foredrag:

Menneske som er engasjerte i new age-miljø, framstiller i diskusjonar "det individuelle valet" som kongsvegen til åndeleg innsikt. For å markera at ein tar avstand frå meir strukturerte og toppstyrte religiøse praksisar, bruker ord som "åndelegheit" å erstatta begrepet "religion" i new age-interesserte personar sin språkbruk. Ein betydeleg del av den akademiske litteraturen om dei nyåndelege miljøa har også overtatt denne oppfatninga, og presenterer new age som ein radikalt detradisjonalisert, individualistisk og eksperimenterande spiritualitet.

Representerer new age dermed ei annleis og eventuelt "postmoderne" form for religiøsitet? Eller lir ein stor del av litteraturen på området snarare av ein optisk illusjon, som har oppstått gjennom ei samanblanding mellom new age-teologisk norm og empiriske data?

Foredraget finn stad kl. 18.00-19.30 i rom O-101,  Hulda Garborgs hus.  

Alle møta finn stad i rom O-101 i Hulda Garborgs hus, kl. 18.00-19.30.

Program for Forum for historie, kultur og samfunn:
6. februar
Professor Olav Hammer, Syddansk universitet, Odense:
"Individualisme og konformitet i New Age-religiøsiteten"

26. mars
Post.doc. Helge Danielsen, Universitetet i Oslo:
"Amerikansk "public diplomacy" i Norge i 1950-årene
- bakgrunn, målsetninger og strategier"

23. april 2008
"Universitetslektor Anne Kalvig, Universitetet i Stavanger:
Alternativ terapi - kropp, sjel og ånd i seinmoderne kultur"

7. mai 2008
Professor Ole Riis, Universitetet i Agder:
"Utfordringen ved å trekke de store linjene i samfunnsfagene
- den gjensidige inspirasjon mellom historiefaget og sosiologi
til belysning av religionens særlige posisjon i det norske samfunn"

Hjarteleg velkommen til møta!

Sist oppdatert av (31.01.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Møta finn stad i Hulda Garborgs hus.