Utdannar matematikklærarar i Malawi


Malawiske lærarar har i dag ansvaret for 88 elevar i snitt. No vil UiS forsøke å gjere noko med den dårlege tilgangen på matematikklærarar.

I 1994 vart det innført fri grunnskule for alle born i det afrikanske landet Malawi. På eit år auka talet elevar som gjekk på skule med 50 prosent, frå 1,9 millionar til 2,9 millionar.

Eit tal som sidan då berre har auka. I dag har kvar lærar eit snitt på 88 elevar i sine klasserom. Dette har skapt eit enormt press på allereie avgrensa ressursar i landet, og gjort det til ei nærast umogleg oppgåve å få tak i nok kvalifiserte lærarar.

Vil styrkje utdanninga
I løpet av dei siste tjue åra har malawiske myndigheiter jobba intenst med å handtere den store aukinga av elevar i Malawisk grunnskole. Ein har likevel ikkje kome dit ein ynskte. Dette vil forhåpentlegvis forskarar ved UiS gjere noko med, når dei har no har gått i gong med det femårige prosjektet «Improving Quality and Capacity of Mathematics Teacher Education in Malawi».

Prosjektet skal jobbe for å styrkje utdanninga av matematikklærarar i Malawi både gjennom å bidra til auka kapasitet, men også gjennom forsking og ny kunnskap. Saman med Universitetet i Malawi søkte UiS Norad om 11,5 millionar kroner, og fekk tildelt 16,5 millionar gjennom NORHED-programmet.

– Byggjer ut kapasiteten
I dag er det ikkje kapasitet ved Universitetet i Malawi til å førelese på masternivå, og svært få av lærarutdannarane har doktorgrad. I prosjektet skal det utviklast kurs i matematikkdidaktikk både på master- og doktorgradsnivå, der tilsette ved UiS vil undervise.

I tillegg vil fire tilsette ved Universitetet i Malawi ta si doktorgradsutdanning i matematikkdidaktikk, og vil få rettleiing av tilsette ved UiS. Kapasiteten som vil verte bygd ut gjennom prosjektet, vil sørgje for ein betra kvalitet på matematikklærerutdanninga etter at prosjektet er ferdig. Målet er at den auka akademiske kapasiteten vil gjere det mogleg for stipendiatane å overta kursa når dei er ferdige med sine doktorgradar.

Doktorgradsstipendiatane vil arbeide med problemstillingar knytt til forskingsdelen av prosjektet, og vil prøve å betre forstå kva typar kunnskap ein lærar i Malawi treng for å undervise i matematikk på ein måte som gjev gode lokale resultat blant elevane i Malawi.

– Scorar dårlegast
– Malawi er eitt av to land med dårlegast prestasjonsnivå i den sør-afrikanske regionen. Vi ynskjer å undersøke kvifor det er slik. For sjølv med knappe ressursar er det store skilnadar i resultata ein kan oppnå blant elevane, og dette syner at matematikkundervisninga i den malawiske grunnskulen ikkje er effektiv, seier førsteamanuensis Arne Jakobsen ved Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk og prosjektansvarleg frå UiS.

Prosjektet har ført til at to UiS-studentar no skriv masteroppgåve om kva som styrer matematikkundervisninga i den malawiske grunnskulen. Jakobsen fortel at han i tillegg kjem til å jobbe for å få på plass ein avtale som gjer det mogleg for lærarstudentar ved UiS å gjennomføre praksisperioden i Malawi.

 


Sist oppdatert av Maria Gilje Strand (05.05.2014)

Skriv ut artikkel print symbol
Malawiske born utanfor ein skule
Malawiske born utanfor ein skule. Foto: Arne Jakobsen