Prøvesmakar læraryrket


- Eg har lyst å arbeide med folk. Som lærar er ingen dagar like. Me har alle hatt dårlege lærarar ein gong. Eg har lyst å gjera noko med det. I mars får Arve-Knut Handeland og medelevar testa læraryrket.

Arve-Knut Handeland og Martine Johannessen går siste året på Kongsgård, og begge vurderer å søkje grunnskolelærarutdanninga. Men først vil dei finne ut meir kva det vil sei å vera lærar.

- Både far og syster mi arbeidar som lærarar i ungdomsskulen, og det verkar veldig kjekt. Men eg er ikkje heilt sikker på om det passar for meg. Eg er med på dette for å finne ut meir, seier Johannessen.

Handeland har nesten bestemt seg.
- Eg har lyst å arbeide med folk. Som lærar er ingen dagar like. Me har alle hatt dårlege lærarar ein gong, og eg har lyst å gjera noko med det, seier han.

Lærar for ein dag for fjerde gang
Lærar for ein dag er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger (UiS), Ungt Entreprenørskap og Rogaland fylkeskommune. Avgangselevar i vidaregåande skule skal saman med lærarstudentar undervise ein skuleklasse ein heil dag.

I år skal blant anna sju elevar frå Stavanger katedralskole (Kongsgård) vera lærar for ein dag. Før dei skal i elden den 20.mars, har dei saman med studentar på grunnskolelærarutdanninga planlagt korleis dei skal legge opp undervisninga.

Handeland og Johannessen vert rettleia av Dilakshana Veerasingam, som går andre året på Grunnskolelærarutdanninga (GLU) 1-7 ved UiS. Saman skal trioen undervise ein 6.klasse ved Solås skule i Gjesdal under Lærar for ein dag. Veerasingam er sikker på at det er lærar ho skal bli.
- Det er eit kjekt og gjevande yrke kor ingen dagar er like, og kor du får utfordringar kvar dag, seier ho.

Som dei fleste andre, har òg ho erfaringar frå gode og mindre gode lærarar.
- Eg har hatt dårlege lærarar, og det var ikkje kjekt. Mor er den beste læraren eg veit om. Mitt mål er å prøve å bli like god som ho, seier UiS-studenten.

- Må lese geografi
I Lærar for ein dag skal dei saman undervise med utgangspunkt i eit opplegg frå Ungt Entreprenørskap. Opplegget, som heiter Sikk Sakk Europa, lærar elevane om ressursar i europeiske land.
- Dei siste åra har med testa ulike opplegg på Lærar for ein dag. Sikk Sakk Europa passar for elevar på 5.-7.trinn, og det dekkjer fleire fag enn dei opplegga me har hatt tidlegare, seier rådgjevar Jan  Erik Jacobsen i Ungt Entreprenørskap Rogaland.

Kongsgård-eleven Martine Johannessen er spent på korleis elevane vil ta dei imot.
- Eg må nok heim å lese geografi slik at eg er førebudd på spørsmål frå elevane, seier ho.

Spreier seg over Noreg
Lærar for ein dag er utvikla i Rogaland, og blei gjennomført for første gang for fire år sidan. UiS har vore med  heile tida. No har andre delar av landet fått auga opp for konseptet. Birgitte Tysdal ved Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk ved UiS meiner både studentar og vidaregåandeelevar har utbytte av opplegget.

- Det er ein fin moglegheit for våre studentar å teste ut undervisningsopplegg knytta til entreprenørskap , og dei som vurderer yrket, får kjenne på kor gøy det er å nå ut til barn. Ein trur kanskje ein veit korleis det er å vera lærar fordi ein har vore elev, men å være lærar er mykje meir mangesidig enn det ein får innsikt i som elev, seier ho.


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (21.02.2014)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilde av tre studentar rundt eit skrivebord i eit klasserom.
Martine Johannessen (t.v.) vurderer å bli lærar og er med på lærar for ein dag. Lærarstudent Dilakshana Veerasingam skryter av yrket