Førsteamanuensis Arnfinn Kjelland frå Høgskulen i Volda snakkar om fadderskap som sosial relasjon i norske bygdesamfunn


Eliten og allmugen i norske bygdesamfunn 1660-1870 – eit kulturmøte? Med mikroskopisk blikk på fadderskap som sosial relasjon.

«Bonden er overalt udenfor den europæiske dannelse» var synet mange embetsmenn hadde på «dei breie lag» av folket i siste del av 1800-talet. Dei sjølve og «folket» stod på to forskjellige utviklingsnivå.

Tanken om «dei to kulturane» er bakgrunn for forskingsprosjektet ved Høgskulen i Volda: «Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn», som Arnfinn Kjelland frå Høgskolen i Volda vil fortelje om i Forum for historie, kultur og samfunn onsdag 20. februar.

«Dei to kulturane» var elles ikkje ein ny tanke; det hadde vore ein dragkamp mellom «tærande» og «nærande» i hundre år, sjeldan så dramatisk som i Strilekrigen eller Lofthusreisinga, truleg oftare i form av til dømes fredelegare motstand på bygdetinga og aktiviteten til Hans Nielsen Hauge. Prosjektet tek sikte på å nyansere den såkalla tokulturlæra, som langt på veg har fått dominere både norsk og internasjonal historieskriving. Den læra går altså ut på at embetsfolket og bøndene levde i kvar sine kulturar skilt av ei djup, uoverkommeleg kløft, og har langt på veg blitt ei etablert sanning.

Prosjektet er avgrensa i tid til perioden frå eineveldet vart innført i 1660 fram til den såkalla embetsmannsstaten stod for fall kring 1870.

 

Velkommen til møtet!
Tid: onsdag 20. februar 2013, kl. 19.00 – 20.00
Stad: Arkeologisk museum


Sist oppdatert av Anne-Karin Sivle Pettersen (13.02.2013)

Skriv ut artikkel print symbol