Song med musklar


Professor Viggo Pettersen ved Universitetet i Stavanger er aktuell med boka ”From Muscles to Singing”.

Viggo Pettersen er professor i song og stemmeforsking ved Institutt for musikk og dans og har 40 års erfaring som utøvar og lærar innan klassisk song. I løpet av desse åra har han sett ei aukande interesse for muskelbruk i song og behov for meir kunnskap.

I boka påpeiker han at meiningane om musklane si tyding er delte mellom songarar og songlærarar, men at dei synest å einast om éin ting: musklar skal brukast så effektivt som mogeleg. Det som derimot manglar, er ei nyansert forståing av kva som meinast med effektivt. Boka til Pettersen er eit forsøk på å nærme seg dette problemet. Boka tek for seg det meste av musklar som songarar bruker og tydinga deira.

Den inneheld 11 artiklar som bringar nye forskingsresultat, og er ei oppsummering av publiseringa hans i vitskaplege tidsskrifter dei siste åtte åra. Artiklane byggjer på undersøkingar av mage, bryst, skulder og nakkemusklar, samt beveginga av mellomgolvet og brystkassa.

Legesamarbeid
Pettersen, som har ein lang karriere som utøvande songar bak seg, har alliert seg medisinske forskarar ved Norges teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og Stavanger Universitetssjukehus (SUS).
For å måle den elektriske aktiviteten i musklar bruker han elektromyografi (EMG), som er ein metode for å undersøkje den elektriske aktiviteten i musklane, samt ultralyd.

- Eg har vore så heldig at eg har fått jobbe med flinke fagfolk. Eg har medisinske samarbeidspartnarar både ved NTNU og SUS som er ekspertar innan EMG og ultralyd. Mottakinga eg har fått i desse miljøa har vore overveldande. Det er nemleg få andre frå fagområdet mitt som jobbar med dei same problemstillingane, og begge partar har dermed utbytte av samarbeidet. Resultata kan både brukast i pedagogisk og klinisk arbeid i ein vitskapleg kontekst, seier han.

Ny muskelkunnskap
I forskinga har Pettersen blant anna påvist at den store skuldermuskelen, øvre trapezius, blir brukt som sekundær utpustmuskel. Denne blir brukt både av profesjonelle og studentar. Hans siste funn er at den store mellomgolvsmuskelen, som det er lite kunnskap om, oppfører seg annleis enn me tidlegare har trudd. Hans siste artikkel om dette temaet kom i september 2010 på trykk i det vitskpelege tidsskriftet Logopedics Phoniatrics Vocology.

Les meir om forskinga til Viggo Pettersen
 


Sist oppdatert av (30.09.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av Professor Viggo Pettersen
Professor Viggo Pettersen ved Institutt for musikk og dans ved UiS måler elektrisk aktivitet i musklane i skuldrane og halsen til songarane.