Ingunn Studsrød disputerer


Ingunn Studsrød disputerer fredag 18. september for ph.d.-graden ved Universitetet i Stavanger (UiS) med avhandlinga “Perceptions of socialization practices of parents, teachers and peers in reports of school adjustment in upper secondary school: A study of Norwegian secondary school students.”

Disputasen finn stad fredag 18. september kl. 12.00 i auditorium V 101, Arne Rettedals hus.

Prøveførelesing kl 10.00.Oppgjeve emne: ”Intervensjoner mot skulk og frafall i skolen: status og muligheter”.

Om avhandlinga

Unge menneske bruker meir og meir tid på skulen. Dei startar tidlegare, dei har lengre skuledagar, og dei aller fleste elevane i ungdomsskulen går direkte over i vidaregåande skule.

I 2007 gjaldt dette for 99 prosent av elevane.

Hovudføremålet med avhandlinga er å studere samanhengane mellom skuletilknytinga til elevar i vidaregåande skulen og opplevinga deira av lærarar, foreldre og vener som sosialiseringsagentar.

Skuletilknytingsvariablar som blei studerte, er variasjon i fråvær, skuleskulk, intensjon om å slutta og kjensle av framandgjering. Desse faktorane har vist seg å ha store konsekvensar for kvardagslivet og det framtidige skule- og yrkeslivet til elevane. Gjennom tre studiar granskar avhandlinga samanhengane mellom skuletilknytinga til elevane og opplevinga deira av emosjonell og akademisk støtte, åtferdsmessig kontroll og psykologisk kontroll (autonomi/overbeskytting).

Arbeidet inkluderer òg ei samanstilling av einskildstudiar. Doktorgradsarbeidet gjer bruk av tverrsnittdata frå 564 elevar i ulike studieførebuande og yrkesfaglege retningar frå ein skule på Vestlandet.

Funn

Funna frå forskinga kan stimulere til diskusjon om den tilknytinga elevane har til norsk vidaregåande skule, og om kva for intervensjonar som er føremålstenlege for å auka motivasjonen og minska framandgjering, skulefråvær og skuleskulk.

Dette kan òg motivera andre forskarar mellom anna til å nærme seg dette forskingsområdet med andre design og til å vidareutvikla måleinstrument for å studera sosialiseringspraksis i ulike relasjonar.

Ingunn Studsrød er født i Stokke. Ho har barnevernpedagogutdaning frå Sosialhøgskolen i Stavanger 1988, og har hovudfag i sosialt arbeid frå NTNU 2000.  Ho er tilsett som universitetslektor ved Institutt for sosialfag, Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiS.

Bedømmingskomité: 1. Professor Ingrid Lunt, University of Oxford. 2. Førsteamanuensis Torbjørn Torsheim, Universitetet i Bergen.3. Førsteamanuensis dr. philos. Elin Thuen, Senter for atferdsforskning, Universitetet i Stavanger (administrator)

Hovudrettleiar:  Professor Edvin Bru, Senter for atferdsforskning, Universitetet i Stavanger                       

Leiar av disputasen: Dekan Tor Hauken, Det humanistiske fakultetet, Universitetet i Stavanger


Sist oppdatert av (10.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Ingunn Studsrød disputerer fredag 18. september