Samarbeidsavtale med Technical University of Crete


Universitetet i Stavanger har for første gong inngått ei samarbeidsavtale med eit universitet i Hellas. Det gjeld Technical University of Crete (TUC).

Samarbeidsavtala gjeld forsking, samt utveksling av studentar, vitskapleg, teknisk og administrativt tilsette på Institutt for petroleumsteknologi (IPT) og Institutt for mineralogi på TUC.

Avtala blei skrive under på Kreta 26. mai av instituttleiar Svein M. Skjæveland, Institutt for petroleumsteknologi (IPT), og instituttleiar professor Antonios Vafidis, Institutt for mineralogi, Tecnical University of Crete (TUC).

- Det er ei avtale som vekte stor oppsikt i Hellas, seier instituttleder Svein M. Skjæveland. Underteikninga av avtala skjedde med eit stort oppbod av gresk presse inkludert TV.

Samarbeidsavtala er eit direkte resultat av eit regjeringsvedtak i Hellas om aukt satsing på leiting og produksjon av olje.

- Universitetet på Kreta er i framste rekkje i Hellas når det gjeld forsking og utdanning i petroleumsfag, seier administrativ leiar Terje Frøiland, IPT.

Det var professor Rune Time på IPT som på bakgrunn av eit paper frå professor Vassilios Kelessidis, TUC, tok kontakt med tanke på å etablera eit nærare samarbeid.Professor Kelessidis. besøkte UiS i fjor haust, mens IPT no drog på attvisitt til Kreta. Resultatet av besøket blei ei formell avtale for dei neste fem åra.

 

 - I tillegg til utveksling av studentar og tilsatte, har vi ei ambisjon om å søkja om eksterne midlar til felles forskingsprosjekt blant anna frå EU, seier Svein M. Skjæveland. Vi kjem også til å søkja om ERASMUS-midlar til studentutveksling.

- Avtala opnar også for at UiS kan ta del i leite- og utviklingsprosjekt i Egeerhavet og det austlege Middelhavet, seier Terje Frøiland. TUC understrekjer at ein av grunnane til at det blei etablert eit samarbeid, var den høge faglege kompetansen til IPT og UiS/IRIS i petroleumsfag, og det nære samarbeidet med næringsliv og industri i Stavanger-regionen. Avtala er også eit ledd i internasjonaliseringsstrategien til det greske universitetet, og eit ledd i IPTs kontinuerlege internasjonaliseringsverksemd.

- Ei anna side av avtala er at UiS og IPT kan dra nytte av TUCs kompetanse i mineralogi. Det kan koma IPT til gode i geologi-studiet som blei etablert i fjor haust, seier Svein M. Skjæveland.

Institutt for mineralogi på TUC har 20 professorar og ein administrativ stab på 30 tilsette. Det har ansvar for 500 bachelorstudentar, 20 masterstudentar og 30 doktorgradsstudentar.

 Tekst: Egil Rugland

 

 


Sist oppdatert av (09.06.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Instituttleiar professor Svein M. Skjæveland, Institutt for petroleumsteknologi, t.h., og instituttleiar professor Antonios Vafidis, Institutt for mineralogi, TUC, er klare til å samarbeida.

SAMARBEIDSAVTALE MED KRETA: Frå venstre: Professor Vassilios Kelessidis, instituttleiar professor Antonios Vafidis, vise-rektor prof.essor Nikolaos Varotsis, TUC, instituttleiar professor Svein M. Skjæveland, professor Rune Time, administrativ leiar Terje Frøiland og IR-konsulent Anne Karin Sivle Pettersen, IPT.