Melsomprisen til Stephen Walton


Professor Stephen Walton ved Universitetet i Stavanger får Melsomprisen 2009 for boka ”Skaff deg eit liv! Om biografi”. Prisen blei delt ut torsdag under Norsk litteraturfestival på Lillehammer.

Boka tek eit kraftig oppgjer med norsk biografi-skriving, som Walton meiner er konservativ i forma. Sjølv om interessa og salet av biografiar har auka jamt dei siste åra, har ikkje teoriane om sjangeren utvikla seg like sterkt. Walton etterlyser i si bok fleire eksperimentelle biografiar. Boka Skaff deg eit liv! er gitt ut på Det norske samlaget, og ble høsten 2008 nominert til Brageprisen for beste sakprosa.

Fornøgd
- Ei hyggjeleg påskjøning. Eg er sjølvsagt veldig fornøgd, sjølv om eg har eit lakonisk forhold til prisar, seier Walton, som er professor ved Institutt for kultur- og språkvitskap ved UiS og ved Høgskulen i Volda

Skipsreiar Ferd. Melsoms legat vart skipa i 1922. Formålet er «fremme av det norske sprog (landsmålet)». Det blir delt ut ein pris kvart år til ein forfattar (eller omsetjar) som året før har gitt ut ei verdifull bok som «efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbre¬delse». Legatet blir styrt av Det Norske Samlaget, men delast ut uavhengig av forlag.

Melsomprisen er den eldste nynorskprisen og det er altså eit kriterium at den skal gis for bøker som kan lesast utanfor fagkrinsar.

Skaff deg eit liv! Om Biografi dreg vekslar på erfaringar Walton sjølv har gjort som biograf, nemleg bøkene Ivar Aasens nedre halvdel (1991) og Ivar Aasens kropp (1996). Walton held i sine biografiar fast ved den fysiske eksistensen og lar seg ikkje forføre av nokon metafysiske essensar. Walton meiner at biografane må gå vekk frå dei gamle romanimiterande formane, og våge å bruke seg sjølv meir. Forfattaren går i så måte framom som eit godt eksempel, og trekk inn sitt eige liv i boka si. Der kjem han blant anna inn på si eiga skulegang i England som var prega av tevling og hard disiplin.

- Sjangeren slit
Walton meiner at det i biografiar kan kome fram interessante ting, men at sjangeren slit med å skildre historiske og vesentlege moment. Han peiker på at biografi-debatten går kontinuerleg men at den blussar opp innimellom, spesielt når ein framståande person blir biografert. Han meiner at ein av biografiens viktigaste oppgåver er å gi et bilde av hovudpersonen i forhold til normsamfunnet vedkommande levde i.

- Det er viktig å få fram korleis vedkommande forhalt seg til normer, identitet og seksualitet, og biografen kan ikkje halde tilbake informasjon han sit på, sjølv om det er tabubelagt. Biografiar skal vere forskingsarbeid, noko som stiller krav til forteljaremne hos forfattaren. Det å skildre eit menneskeliv er vanskeleg, men ikkje vanskelegare enn å fortelje om Nord-Korea sin utanrikspolitikk, meiner Walton.

Melsomprisen består av eit diplom og kr 40 000.

Les meir om boka ”Skaff deg eit liv! Om biografi”

 


Sist oppdatert av (29.05.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av Stephen Walton
Professor Spephen Walton etterlyser fleire eksperimentelle biografiar.