Hildegunn Fandrem disputerer


Universitetslektor Hildegunn Fandrem, Senter for atferdsforsking, disputerer fredag 8. mai ved Universitetet i Stavanger (UiS) med avhandlinga Psychological and sociocultural adaptation among adolescents in Norway with immigrant backgrounds. A study of depressive symptoms and bullying.

Disputasen finn stad fredag 8. mai kl. 12.00 i rom Ø-110, Arne Rettedals hus.Prøveforelesing kl 10.00. Oppgjeve emne for prøveforelesing: The relation between aggression and bullying?
Studien består av tre artiklar, og tek sikte på å kartlegga omfang og sentrale tilhøve som kan ha samanhang med depressive symptom og mobbing blant innvandrarungdom samanlikna med norsk ungdom.

Datagrunnlag
Data er henta frå to spørreskjemaundersøkingar. Dei to første artiklane baserer seg på ein landsdekkande skolemiljøundersøking frå 2001. Utvalet i denne undersøkinga er på 3127 ungdomskuleelevar, innvandrarungdommen utgjer 189 av desse. Utgangspunktet for den tredje artikkelen er ei undersøking gjennomførd på ein fleirkulturell skule i 2007. I denne
undersøkinga utgjer utvalet totalt 156 elever, av desse er 59 innvandrere.

Depressive symptom varierar
I den første artikkelen blir nivå av depressive symptom studert, i høve til etnisitet, kjønn og bostad. Resultata viser at innvandrarungdom har meir depressive symptom enn dei norske ungdomane, i tillegg er jentene på eit generelt høgre nivå enn gutar. Det er imidlertid hos gutane (innvandrarar sammenlikna med norske) at det er ein signifikant skilnad.
Resultata tilseier og at ein bør være ekstra varsam med innvandrargutane i store byar.

Mobbing og tilhørighet
I den andre artikkelen er eit hovedfunn at medan norske gutar i høg grad mobbar for å få makt, mobbar innvandrargutar meir for å høyra til. I tillegg ser det ut til at innvandrargutar mobbar andre meir enn det etnisk norske gjer, medan det ikkie er nokon skilnad når det gjeld å bli mobba, eller når det gjeld nivå av aggressivitet.
Den tredje artikkelen bekreftar funna frå den føregåande, også her viser resultata at innvandrargutar er overrepresenterte når det gjeld å mobba andre. I tillegg er innvandrargutar overrepresenterte i grupper beståande av mange mobbarar og de er overrepresenterte når det gjeld å mobba saman med andre.

Implikasjoner
Funna har viktige implikasjonar både for arbeid med antimobbeprogram, og arbeid med å integrera innvandrargutar generelt.

Hildegunn Fandrem er født i 1970 i Sandnes. Ho har hovudfag i pedagogikk fra NTNU i Trondheim. Ho har sidan 1998 vore tilsatt som universitetslektor ved UiS, Senter for atferdsforsking (Saf). Hovedvegleiar har vore professor Erling Roland, Senter for atferdsforskiing, UiS. Bivegleiar har vore professor David Lackland Sam, Psykologisk institutt, Universitetet i Bergen.
Bedømmingskomiteen: Professor Christiane Spiel, Universitetet i Wien, Østerrike, førsteamanuensis Stephen James Minton, Trinity College, Dublin, Irland, og førsteamanuensis Thormod Idsøe, UiS.
Leiar av disputasen: Prodekan Elin Thuen, Det humanistiske fakultet, Universitetet i Stavanger.


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (18.05.2015)

Skriv ut artikkel print symbol
Hildegun Fandrem