Vedtok deling av Institutt for petroleumsteknologi


Styret gjekk inn for universitetsdirektørens forslag om å dele Institutt for petroleumsteknologi i to institutt på møtet 5. oktober.

Alle vedtaka frå styremøtet 5. oktober blir publiserte på vår nettside for styreprotokollar.

Den saka som vart gjenstand for den største debatten, var saka om deling av Institutt for petroleumsteknologi.

I april vedtok fakultetsstyret ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet å gå inn for ei deling av instituttet, til tross for motstand i instituttstyret og deler av fagmiljøa.

Til grunn for ønskje om å dele instituttet i to, ligg både reint faglege og størrelsesmessige vurderingar.

Instituttet er eit av dei aller største institutta ved UiS, med omlag 100 tilsette. I tråd med OU-prosessen var det eit ønskje frå leiinga på fakultetet og universitetsdirektøren å finne ei betre løysing på det store leiarspennet som instituttet har. Målet har vore at leiarane skulle bli betre i stand til å utøve god leiing.

Utvida energiprofil

Eit anna argument for at leiinga ville dele opp i to nye institutt – Institutt for reservoar og geologi og Institutt for energiteknikk – er at ein med dette vil få ein tydeligare profil mot ei utvida satsing på energi utover olje og gass.

Fleire i Styret argumenterte imot delinga og såg ikkje leiarspennet som eit godt nok argument. Dei meinte også at ein med deling kunne gjere det vanskelegare å fremje tverrfagleg arbeid.

Det heile enda med at to stemte imot og åtte stemte for universitetsdirektørens forslag.

Full støtte til medisinstudium

Universitetsdirektøren bad om tilslutning til å fortsetje arbeidet for å få etablert eit klinisk masterstudium i medisin.

Ønskje om å få medisinstudium til Stavanger er inga ny sak. For å få til dette er UiS avhengig av å jobbe tett saman med UiB, som i dag har medisinutdanning, og SUS – som vi i dag allereie har ein felles ph.d.-utdanning innan helse og medisin saman med.

Styret bad i fjor – gjennom budsjettforslag utanfor ramma – Kunnskapsdepartementet om studieplassar for å starte opp eit mastertilbod innan helse og medisin retta mot den kliniske delen.

Styret ga på møtet torsdag full støtte til å jobbe vidare for å få eit klinisk masterstudium lagt til UiS. Fleire såg store moglegheiter i det å utvikle eit annleis studium, utifrå den kompetansen vi i dag innan pasientsikkerheit og simuleringstrening, samt når det gjaldt case-orientert og prosjektbasert undervisning.

Meriteringssystem for undervising

Styret vart invitert til å slutte seg til planlagd tiltak for å styrke den utdanningsfaglege kompetansen blant universitetets tilsette som har undervising som oppgåve. I planen inngår blant anna utvikling av eit meriteringssystem for undervising.

I tillegg til å styrkje vår utdanningsfaglege kompetanse har UiS krav frå EU om å utvikle ein heilskapleg rekrutterings- og karrierepolitikk som vil fremje internasjonal mobilitet.

Styret slutta seg til planen om utvikling av utdanningsfagleg kompetanse i samanheng med ein heilskapleg rekrutterings- og karrierepolitikk. Styret vedtok også at Uniped skal styrkast med to vitskaplege stillingar med verknad frå 2018.

Nye tilsettingar og andre saker

Fleire nye tilsettingar vart godkjende i Styret.

Jorunn Melberg blei tilsett som instituttleiar ved Institutt for barnehagelærarutdanning.

Kristin Akerjordet blei tilsett som dekan ved Det helsevitskaplege fakultet for en periode på fire år.

Styret godkjende – slik sakene vart framlagde av universitetsdirektøren – «Budsjettforslag 2019 – utenfor budsjettrammen», «Fordeling av strategiske midler 2018 – budsjettet» «Studentopptaket 2017/2018», «Studieplasser 2018» og «Endring av eksamensforskriften», for å nemne nokre av sakene.

Styret vedtok også å implementerer Miljøfyrtårn som sin miljøsertifisering samt at det skulle setjast av finansiering og ressursar for gjennomføring av dette arbeidet.

Komplett protokoll med alle vedtak blir publisert på sida for styre styreprotokollar.

Tekst: Karen Anne Okstad


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (10.10.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
Styremøte i styrerommet på UiS
Styret ved UiS: Fra v. Trude Marit Risnes (vara for Siri Espedal Kindem), Fredrik Skår, Ann Kristin Bue, Fatema Al-Musawi, Dag Husebø, Else-Karin Landa Paulsen (styresekretariat), Ole Ringdal, Marit Boyesen, Jorunn H. Barka (styresekretariat), Eskild Holm Nielsen, Eimund Nygaard, Janne Johnsen, Svein Tuastad, Sverre Daniel Gaupås.